MENY

Campus Bjergsted - ein levande kulturpark

Bjergsted kulturpark har røter solid planta i historia. Bjergsted har i fleire tiår vore ein samlingsstad for musikk- og kulturliv av mange slag. Universitetets Fakultet for utøvande kunstfag er ein viktig aktør i parken.

  • Bjergstedparken sett frå lufta
    Bjergstedparken ligg naturskjønt til, sentralt i Stavanger. Foto: Øystein Stangeland
  • Hovudbygningen til Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergstedparken
    Hovudbygningen til Fakultet for utøvande kunstfag.
  • Stavangers nye konserthus
    Stavanger konserthus er ein viktig samarbeidspart for fakultetet- Foto: Stavanger konserthus
  • Frå hovudtraséen gjennom Gamle Stavanger
    Fakultet for utøvande kunstfag er næraste nabo til Gamle Stavanger. Foto: Olaf Eggestad
  • Musikkstudentar i fargegata i Stavanger sentrum
    Våre studentar og tilsette pregar byens kulturliv. Foto: Morten Berentsen
  • Studentar på Vigdel, ein av dei mange flotte sandstrendene utanfor Stavanger
    Studentar på Vigdel, ei av dei mange flotte sandstrendene utanfor Stavanger. Foto: Morten Berentsen

Sjå interaktivt kart for fakultetets hovuedbygning (opner i nytt vindauge)

Fakultetet utdannar utøvande musikarar og dansarar, instrumental/-dansepedagogar og kulturarbeidarar både til ein regional, nasjonal og ein internasjonal marknad. Dette skjer gjennom utøvande bachelor- og masterprogram, samt årseiningar og vidareutdanningar. 

I tillegg finn du Stavanger sitt nye konserthus, ny kulturskule og ny vidaregåande skule med avdeling for musikk, dans og drama i Bjergstedparken. 

Noko av det spesielle med Bjergsted er den tette forbindelsen mellom utdanning og profesjonelle utøvarar, samtidig som parken og er eit senter for fritidsmusikklivet og for festivalar. Alt er samla på ein stad.

Studentar og lærarar driv utstrakt konsert- og framsyningsverksemd og arrangerer jamleg prosjekt med eigne ensemble og orkestre. Til saman produserer fakultetet nærmare 200 arrangement i året. På den måten er studentane viktige bidragsytarar til og deltakarar kulturlivet i byen.

Fakultet for utøvande kunstfag har og regionalt ansvar for talentutviklingsprogrammet Unge musikere i Rogaland.

Les meir om studietilbodet innan musikk og dans ved UiS 

Meir informasjon på Fakultet for utøvende kunstfag sin nettside

Sjå og heimesida til Bjergsted Kulturpark