MENY

Campus Ullandhaug: På historisk grunn

Det er historisk sus over universitetsområdet på Ullandhaug. Herfrå ser vi ned på Hafrsfjord, der Harald Hårfagre i år 872 svinga sverdet og samla Noreg til eitt rike.

  • Oversiktsbilde campus Ullandhaug, Universitetet i Stavanger
  • Semesterstart på campus Ullandhaug, Universitetet i Stavanger
  • Campus-bilde med Ullanhaugtårnet
  • Hoppende studenter på campus Ullandhaug
  • Elise Ottesen Jensens hus
  • Campus er fullt av kunstinstallasjoner, som her i Ivar Langens hus

Også sentrale politikarar i Stavanger sette seg eit høgt mål då dei i 1966 vedtok å regulere 1300 dekar på Ullandhaug til eit universitetsområde. Grunnlaget for Universitetet i Stavanger var lagt.

No kallar vi Universitetsområdet for Campus Ullandhaug. Området er i stadig vokster og inneheld i dag over 120.000 kvadratmeter bygningsmasse. 

Søk etter rom eller andre fasilitetar på campus i vårt interaktive kart (opnar i nytt vindauge)

Bibliotek og kaffibar

Området ligg både sentralt og landleg til. Det er berre 12 minutt med buss til Stavanger sentrum og sykkelavstand til studentbustadene.

Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ei pause frå studia. Joggarar, idrettslag, turgåarar og barnehagar brukar området flittig. Her finn du også Universitetsbiblioteket, bokhandel, kafear, kaffibar, treningsfasilitetar og helsetenester.

Finn fram elektronisk

Studentekspedisjonen, opptakskontoret, studierettleiinga, rektoratet, leiinga og administrasjonen held til i Arne Rettedals hus, eit naturleg midtpunkt på campus, omgjeve som det er av gangstiar og uteområde.

Mange hus i nærleik til kvarandre skaper fleksibilitet i bruk av auditorium og grupperom, samt gode moglegheiter for kontakt mellom ulike fagmiljø og administrative tenester. 

UiS har tatt i bruk den interaktive karttenesta MazeMap (opnar i nytt vindauge) for å gjere det enklare å finne akkurat det rommet du skal til. Den kan nyttast både av studentar, tilsette og gjester.