MENY

Transport og parkering på Ullandhaug

Me oppmodar alle som kan, om å ta buss til universitetsområdet.

Foto av buss ved busstopp og taxiholdeplass på Universitetet i Stavanger

Buss:

Følgjande bussruter går til UiS:

  • Frå Stavanger sentrum: rute 6, 7, X60 og X90
  • Frå Randaberg: rute X76
  • Frå Forus: rute X76
  • Frå Sandnes: rute 6 og X60
  • Frå Sola: rute 7 (ikkje frå flyplassen)
  • Frå Haugesund/Egersund/ Bjerkreim/Ålgård/ Sandnes: rute E90

Meir om rutetidene til og frå universitetet finn du på Kolumbus sine nettsider

Taxi:

Frå Stavanger lufthavn Sola til Universitetet i Stavanger si hovudcampus går det diverre ikkje direktebuss. Enklaste alternativ er drosje (Pris ca: 300,- ).

Bil:

Ullandhaug ligg om lag 10 minuttar med køyring via E39 frå Stavanger sentrum og 15 minuttar via E39 frå Sandnes. Frå Stavanger lufthavn Sola tek det ca. 15 minuttar. I rushtida må du rekne med meir tid.

Frå Stavanger sentrum, ta avkøyring mot Ullandhaug. Frå Sandnes/Sola, ta avkøyring mot Madla.

Parkering

Det er gratis å parkere på Universitetsområdet, men for å unngå bot må du parkere rett. Vær merksam på at nokre parkeringsplassar er reservert dei med særskilt løyve. Parkering her eller utanfor merka plasser vil føre til gebyr og/eller borttauing på eigars rekning.

Det kan til tider vere vanskeleg å finne parkeringsplassar, særlig rett etter semesterstart. Vi oppmodar difor gjester å vere i god tid ved arrangement.

Tilbake til Campus Ullandhaug