MENY

Er du bekymra?

Kva gjer du viss du er bekymra for deg sjølv, dine medstudentar eller tryggleiken på UiS?

Dersom du slit eller er engsteleg for at nokon du kjenner har psykiske problem, bør du søke råd og rettleiing. Familie, venner eller andre nære personar kan vera dei første til å oppdage faresignal og gripe inn før det er for seint.

Be heller om hjelp ein gang for mykje enn ein gang for lite!

Det er lett å få råd og rettleiing viss du er bekymra eller har spørsmål om korleis du skal handtere situasjonen. Lågaste terskel for hjelp er Kirkens SOS (nytt vindauge), telefonnummer 22 40 00 40 som er tilgjengeleg 24 timar i døgnet heile året.

Andre viktige telefonnumer:

Informasjonen finst ig i kapittel 1 i Beredskaps-og kriseplanen for UiS.

Tryggleik:

Viss du er bekymra for tryggleiken ved UiS, send e-post til beredskapskoordinator ved UiS.

Er du akutt bekymra for tryggleiken ved UiS ring politiet tlf 02800. Er det ein nødsituasjon, ring 112.