MENY

14 millionar til betre sjukepleiepraksis

Sjukepleiestudentar er i praksis halvparten av studietida. Eit stort prosjekt ved UiS skal gi studentane betre oppfølging i deira første praksis på sjukeheim.

Sjukepleiestudentar og rettleiar snakkar saman rundt eit bord. Eit nytt, stort prosjekt har som mål å gi sjukepleiestudentar i praksis tettare oppfølging. Foto: Siv Sivertsen

I fjor haust fekk Universitetet i Stavanger seks millionar frå Forskingsrådet for å utvikle eit web-basert rettleiings- og evalueringsverktøy for å følge opp sjukepleiestudentar i praksis.

Før forskarane rakk å starte prosjektet, kom nok ei gladmelding. Forskingsrådet gir støtte til nok eit prosjekt. Det betyr at det ikkje berre skal utviklast innovative verktøy, men at det også skal gjerast eit grundig forarbeid for å kartleggje kor skoen trykkjer.

Heve kvaliteten på sjukepleieutdanninga

Prosjekta er slått saman og totalt skal 14 millionar kroner brukast dei neste fire åra for å kartlegge dagens rettleiings- og vurderingspraksis på sjukeheim og utvikla en web-basert plattform med ressursar knytt til læring, rettleiing og vurdering av sjukepleiestudentar.

– Tida er inne for å tenke nytt og jobbe i tett samarbeid med studentar, utdanning og praksis. Dette er viktig for å sikre relevans i utdanninga og styrke kvaliteten på læringsmiljøet i praksisstudiar, seier førsteamanuensis Kristin Alstveit Laugaland.

Meir spesifikt ønsker prosjektet å auke kvaliteten knytt til kontaktsjukepleiers rettleiings- og evalueringskompetanse, sjukepleiestudentar si evne til sjølvevaluering og kritisk tenking, samt praksislærers vurderingsverktøy. Det er viktig å tenke heilskapleg når ein jobbar med kvalitetsforbetringar, seier førsteamanuensis Anne Marie Lunde Husebø som inngår i forskargruppa ved UiS.

Tettare oppfølging

Studentar på bachelor i sjukepleie bruker halvparten av studietida i praksis, og praksisen er dermed ein viktig læringsarena. God oppfølging og rettleiing er ein føresetnad for å utdanne kompetente og sjølvgåande sjukepleiarar.

I dag reiser rettleiarane rundt til dei ulike praksisplassane. Med studentar i praksis over heile Sør-Rogaland, går mykje tid vekk i reising, seier Laugaland.

Nå skal ein altså tenke nytt og sjå på korleis ein kan få meir og tettare oppfølging ved hjelp av digitale verktøy. Det overordna målet er at studentane skal lære mest mogleg. NettOp, som er avdelinga for utvikling av digitale læremidlar og løysningar for nettbasert utdanning ved UiS, er samarbeidspartner i prosjektet og støttar i utvikling av den web-baserte plattforma.

Sjukeheimen som læringsarena

Den første praksisplassen sjukepleiestudentane møter er sjukeheimar. Forskingsprosjektet, som har fått navnet QUALinCLINstud (Kvalitet i praksisstudier), ser på sjukeheimen som læringsarena med fokus på grunnleggjande sjukepleie.

I takt med ei stadig aldrande befolkning aukar også behovet for sjukepleiarar i sjukeheimar.

– Det må vi som utdanning ta på alvor. Ved å styrke sjukeheimen som læringsarena håper vi at fleire blir motiverte til å søkje seg hit, seier førsteamanuensis Ingunn Aase.

– Vi veit at studentane si oppleving av praksistida spelar inn når dei skal velje arbeid etter studia, legg ho til.

Prosjektet har eit betydelig verdiskapande potensialet. Lykkes prosjektet, kan det bidra til å utvikle nasjonale føringar knytt til rettleiing- og vurderingsverktøy i sjukepleieutdanninga som i dag manglar standardisering og konkrete føringar – som er ei klar svakheit i lys av kvalitet og pasientsikkerhet, understrekar Laugaland.

Nasjonale og internasjonalt samarbeid

På utdanningsdelen er, i tillegg til UiS, Høgskolen i Sør-Øst Norge og Universitetet i Agder med som samarbeidspartnarar. Samarbeid knytt til praksis er knytt til to sjukeheimar i Stavanger og Drammen.

Prosjektet har internasjonale samarbeidspartnarar frå Danmark, Australia, Sverige og Skottland, og prosjektet skal koordinerast gjennom forskingssenteret SHARE og forskarskulen PROFRES ved UiS.

Prosjektet startar opp 1. juni 2018 og skal gå over fire år.

Tekst: Karoline Reilstad

Smilende forskere.

Kirsti Skovdahl (HSN), Kristin Akerjordet (UiS), Marianne Thorsen Gonzales (HSN), Camilla Melhuus Line (UiS) Kristin Laugaland, Kristin Humerfelt, Ingunn Aase, Henriette Thune Fraværende: Anne Marie Lunde Husebø. Foto: Karen Anne Okstad.