MENY

9 mill til stipendiatstillingar og 100 plassar på sjukepleie

Forliket om revidert nasjonalbudsjett mellom regjeringspartia og KrF gir 9 millionar kroner til stipendiatstillingar ved UiS, UiA og Nord, samt 100 plassar på sjukepleie. UiS kan ta 25 plassar.

Regjeringspartia og KrF blei torsdag kveld einige om revidert nasjonalbudsjett. Blant anna betyr det 9 millionar i stipendiatstillingar fordelt mellom Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og Nord universitet. 

Dette kjem i tillegg til dei fire millionane til vitskapleg utstyr ved UiS som alt låg inne i regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.

– Viktige rekrutteringsstillingar

Olaug V. Bollestad (KrF), understrekar at det er viktig å styrke desse universiteta.

– Desse universiteta har låge mest bakpå når det gjeld talet på rekrutteringsstillingar. Iselin Nybø har tidlegare gjort ein god jobb, og det vil me byggja vidare på. Alle desse tre universiteta er veldig viktige i sine regionar, seier Bollestad.

Dei ni millionane skal fordelast mellom dei tre universiteta etter ein fordelingsmodell.

– Eg trur ikkje UiS får mindre enn tre av millionane, seier Bollestad.

Rektor Marit Boysen set sjølvssagt stor pris på å få tildelt stipendiatstillingar etter forhandlingane mellom regjeringspartia og KrF om revidert nasjonalbudsjett. Ho understrekar at tildelinga er viktig for utviklinga for forskinga ved UiS.

– Vi har vært tydelige på at tilførsel av stipendiatstillingar står høgt på prioriteringslista til UiS. Derfor er dette ei gladnyheit, seier ho.

100 plassar på sjukepleie til hausten

Vidare betyr forliket 100 studieplassar på sjukepleie, fordelt på sektoren. Sjukepleieutdanninga er populær, og har dei siste to år vore den mest søkte ved UiS.

– Mange vil inn på denne utdanninga nå, og me må smi mens jernet er varmt, seier ho.

UiS vil utdanne fleire sjukepleiarar, og ønsker å få tildelt 25 av dei 100 studieplassane som ble resultatet etter forhandlingane.

– Sjukepleiestudiet ved UiS er det åttande mest søkte studiet i landet uansett studieretning med 1026 søkarar til 275 studieplassar. Det er stor mangel på sjukepleiarar i Rogaland, seier Boyesen.

Ei auke på 25 plassar vil bety at UiS frå hausten har 300 studieplassar på bachelor i sjukepleie.

Som leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget er Bollestad ekstra opptatt av å utdanna fleire sjukepleiarar.

– Det er ikkje universiteta og høgskulane si skuld at det ikkje er utdanna nok, seier ho.

Tekst: Karoline Reilstad

Olaug V. Bollestad (KrF). Foto: Stortinget

Olaug V. Bollestad (KrF). Foto: Stortinget