MENY

Aven og Mohn skal vurdere klimarisiko

Regjeringas nye ekspertutval skal vurdere klimarelaterte risikofaktorar og deira innverknad på norsk økonomi. To UiS-professorar, Terje Aven og Klaus Mohn, er blant dei sju medlemane.

Foto av professorane Terje Aven (t.v.) og Klaus Mohn Professorane Terje Aven (t.v.) og Klaus Mohn skal sitte i same regjeringsoppnevnte ekspertutval om klimarisiko.

Ekspertutvalet, som skal leiast av siviløkonom Martin Skancke, blei nedsett fredag.

I ei pressemelding frå Regjeringa (opnar i nytt vindu) heiter det at både klimaendringar og tiltak for å motverke klimaendringar vil endre vilkåra for, og risikoen ved, økonomisk verksemd.

Utvalet skal vurdere klimarelaterte risikofaktorar og deira innverknad på norsk økonomi, mellom anna finansiell stabilitet. Ei oppgåve blir å vurdere korleis ein mest hensiktsmessig kan analysere og framstille klimarisiko, identifisere antatt viktige globale, klimarelaterte risikofaktorar og vurdere korleis slike faktorar kan påverke den norske økonomien og finansiell stabilitet.

Utvalet skal også ta opp korleis private og offentlege verksemder kan få eit fagleg grunnlag for å analysere og behandle klimarisiko på best mogleg vis.

Sterke namn frå UiS

Det er ikkje uventa at Universitetet i Stavanger er sterkt representert i eit slikt utval. Både risikostyring og petroleumsøkonomi er sterke fagområde ved UiS.

Professor Terje Aven er ein framifrå akademikar innanfor risikofaget på verdsbasis. Han leier The European Safety and Reliability Association (ESRA), er komande president i The International Society for Risk Analysis (SRA) og sjefredaktør for det vitskaplege tidsskriftet Journal of Risk and Reliability.

Klaus Mohn (lenke til engelske nettsider) er professor i petroleumsøkonomi og tidlegare sjeføkonom i Statoil, der han leia selskapet sitt arbeid med å analysere dei internasjonale energimarknadane.

Han var medlem av Arbeiderpartiets klimapanel, er for tida redaktør i Samfunnsøkonomen og har ein vitskapleg produksjon som inneheld ei rekkje artiklar om petroleumsinvesteringar, energi- og klimapolitikk, samt verknadar på norsk økonomi.

Dei to jobber på ulike fakultet. Mohn er tilsett ved Handelshøgskolen ved UiS (HHUiS), medan Aven høyrer heime på Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) som ligg under Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Medlemane

Utvalet skal levere si innstilling til Finansdepartementet innan 14. desember 2018. 

Her er lista over alle medlemane i utvalet:

  • Siviløkonom Martin Skancke (leder), Oslo
  • Professor Terje Aven, Sola
  • Forskningsdirektør Nalan Koc, Tromsø
  • Professor Klaus Mohn, Stavanger
  • Stipendiat Trude Myklebust, Oslo
  • Professor Linda Nøstbakken, Bergen
  • Professor Ragnar Torvik, Trondheim

Tekst: Leiv Gunnar Lie

UiS logo