MENY

Konfutses Samtalar i Bokklubbens kulturbibliotek

Den viktigaste boka i den kinesiske kulturtradisjonen, Konfutses Samtalar, kjem nå i ny utgåve i Bokklubbens kulturbibliotek, serien som har som mål å presentere dei hundre viktigaste fagbøkene gjennom alle tider. Boka er omsett til norsk frå klassisk kinesisk av førsteamanuensis i journalistikk, Ole Bjørn Rongen.

Ole Bjørn Rongen har i tillegg til å omsetje Samtalar eller Lunyu også skrive ei innleiing der han gjer greie for Konfutses liv og lære, konfutsianismen etter Konfutse og teksthistoria til Samtalar. Innleiinga er oppdatert med nyare forsking sidan denne norske utgåva kom ut første gongen for tjue år sidan. Samtalar har også tidlegare kome ut i serien Verdens hellige skrifter.

Samtalar er den viktigaste kjelda til Konfutses (551-479) liv og lære. Boka inneheld korte dialogar mellom Konfutse og følgjesveinane eller andre personar i samtida, læresetningar, skildringar av Konfutse og veremåten hans og av dei fremste elevane. Trass i den knappe stilen får vi eit levande bilete av meisteren og tilhøvet til elevane.

Dei siste vel tretti åra har det skjedd ein renessanse for konfutsianismen både i Kina og i kinesiske miljø utanfor Kina. Trass i revolusjon og kulturrevolusjon i nyare tid er Kina og kinesarane i mangt framleis ?konfutsianske?, og derfor er kunnskap om Konfutses tankar ein viktig føresetnad for å forstå Kina i dag.

UiS logo