MENY

Nybygg styrker biomedisinsk forskingssenter

NMBU, SUS og UiS samarbeider om biomedisinsk forsking, utdanning og innovasjon i senteret SEARCH. Forskinga blir styrka med eit nybygg med avansert diagnostisk utstyr.

I operasjonssalen. Lege og forskar Nils Petter Oveland og veterinær og førsteamanuensis ved NMBU Marianne Oropeza-Moe er initiativtakarar til SEARCH, som UiS er deleigar i. Her skal det blant anna samarbeidast om medisinsk bioforsking.

Onsdag 13. juni opna SEARCH-bygget i Sandes med blant anna stortingsrepresentant Olaug Bollestad (KrF) og Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap), i tillegg til representantane frå dei tre partane i SEARCH-senteret – inkludert UiS-rektor Marit Boyesen.

Det nye bygget er på 400 kvadratmeter. Prosjektet er finansiert gjennom eit utstrakt offentleg og privat samarbeid mellom kommune, fylkeskommune, regjering og lokale nærings- og finansaktørar.

SEARCH – Sandnes Education And Research Center Høyland – er eit samarbeid mellom Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Helse Stavanger/Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Stavanger (UiS) om biomedisinsk forsking, innovasjon og utdanning av både helse- og veterinærpersonell.

Styrkar helseforskinga

Som mange andre ser UiS eit stort potensial i helseforsking og helseteknologi og støttar heilhjarta opp om SEARCH.

– Med dette topp moderne medisinske forskingsanlegget med avansert diagnostisk utstyr kan vi skape framtidige gode forskingsprosjekt i samarbeid med andre forskarar og fagmiljø i inn- og utland. Dette nybygget og desse fasilitetane styrker UiS si helsesatsing i tillegg til at det er eit løft for regionen sin medisinske og biomedisinske forskingskompetanse, påpeiker Boyesen.

UiS, som nyleg har etablert eit helsefakultet og som ser fram mot konklusjonen om ei utgreiing om medisinutdanning som regjeringa nyleg har lagt opp til, er i gang med å utvikle ein Helsecampus Ullandhaug, som handlar om utdanning, forsking og næringsutvikling innan helse. Her vil utbygginga av Stavanger universitetssjukehus også spele ei rolle. SEARCH støttar opp under denne satsinga.

Tett samarbeid mellom humanmedisin og veterinærmedisin

– Visjonen til SEARCH er å auke kunnskap om sjukdommar, diagnostikk og behandling til nytte for både dyr og menneske, seier lege og forskar Nils Petter Oveland.

Oveland er saman med veterinær og førsteamanuensis ved NMBU Marianne Oropeza-Moe initiativtakar til SEARCH.

– Vi skal skape ein arena der studentar, tilsette og forskarar på tvers av institutt og fagmiljø saman kan skape nye idear, seier Oveland.  

Bygget som no er reist, har ein romsleg operasjonssal, plass for forsøksdyr, samt moderne diagnostisk utstyr. Dette gjev auka moglegheiter for forsking, innovasjon og kurs/undervisning.

I pressemeldinga frå senteret heiter det at SEARCH er den første staden i Noreg kor humanmedisin og veterinærmedisin skal jobbe så tett. Eit slikt samarbeid er viktig fordi ei rekke smittestoff som finst hos dyr også kan forårsake sjukdom hos menneske.

Forskarar innan veterinærmedisin og humanmedisin ved senteret vil blant anna forske vidare på nye mobile diagnostiske metodar for å oppdage indre blødingar og punktert lunge. Dette vil vere av stor verdi for pasientar både i og utanfor sjukehuset.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: SEARCH

SEARCH-bygget i Sandes.

Det nye bygget har ein romsleg operasjonssal, plass for forsøksdyr, samt moderne diagnostisk utstyr.