MENY

Paramedicutdanning ved UiS

No kan ambulansepersonell ta vidareutdanning i Stavanger. UiS Pluss tilbyr paramedicutdanning på oppdrag frå Helse Stavanger.

Utdanninga er skreddarsydd for å gi ambulansepersonell vidareutdanning innanfor sitt fagfelt, både gjennom undervisning og simulert trening. Utdanninga er ei formell deltidsutdanning som gir 60 studiepoeng.

Rådgjevar ved UiS Pluss, Rune Løwehr, synes det er stas at UiS no kan vidareutdanne ambulansepersonell.

– Paramedicprogrammet ved UiS er eit strategisk viktig samarbeid mellom universitetet, Stavanger Universitetssjukehus og Stavanger Acute Medicine Foundation for Education and Research (SAFER), og dannar ei heilt naturleg treeining i regionen vår innanfor den helsefaglege utviklinga, seier Løwehr.

Trenar på SAFER
Myndigheitskravet for å jobbe som ambulansepersonell er at ein har fagbrev. I Noreg får ein tittelen paramedic når ein også har utdanning på universitetsnivå.

Mykje av den praktiske treninga vil gå føre seg på forskings- og læringssenteret SAFER i Stavanger, som også er eit viktig læringssenter for sjukepleiarstudentane ved UiS.

Tidligare denne månaden gjennomførte det første kullet på 35 studentar si første samling på SAFER. Temaet for samlinga var kommunikasjon og etikk.

Erfarne kandidatar
På paramedicstudiet skal kandidatane innom både akuttmedisin, skadebehandling, operative emne, anatomi og fysiologi.

Riktig kompetanse er viktig for at ambulansepersonell til ei kvar tid skal kunne gi livreddande akuttmedisinsk behandling. Det nye studiet vil vere eit vidareutdanningstilbod for erfarent ambulansepersonell.

Deltidsstudiet går over to år.

Les også om paramedic-utdanninga på www.sus.no

Ambulansebil på SAFER

TRENAR PÅ SAFER: Ambulansepersonell kan no ta paramedicutdanning i regi av UiS Pluss. Mykje av treninga går føre seg på SAFER i Stavanger, der denne ambulansen står.