< Om UiS

Nyheter og presserom

MENY

Roland mest siterte UiS-professor i 2007

Erling Roland ved Senter for åtferdsforsking(SAF) var den mest mediesiterte- og omtalte professoren ved UiS i 2007. På lista over dei 100 mest siterte professorane i landet ligg han på ein 25. plass. Også rektor Aslaug Mikkelsen er ofte sitert og ligg på ein 49. plass.

Det er medieovervåkarane Retriever som har utarbeida lista på oppdrag for Morgenbladet.

Professor Elizabeth Norberg-Schulz ved Institutt for musikk og dans (IMD) ligg på ein 68. plass og professor Håkon Austbø, også han ved IMD, ligg på ein 88. plass.

Erling Roland har rykka godt oppover på lista frå ein 101. plass i 2006 til ein 25. plass i 2007, og då med 426 treff.

- Dette var stas. Eg er smigra. Det er jo både hyggelig for UiS og for SAF, sier Erling Roland, som meiner det er viktig å stille opp i mediene for å få forskinga ut til folk.

Aslaug Mikkelsen har tatt steget frå ein 167.plass i 2006 til ein 49. plass.

I tillegg til dei fire professorane er UiS også representert ved to professor II-stillingar. På 64. plass ligg Ole Gjems-Onstad, som er tilknytta Norsk hotellhøgskole – Institutt for økonomi og leiing og på 71. plass ligg Peder Haug som er tilknytta Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk.

Kvinnelege professorar
Til saman er det berre 14 kvinner inne på lista, av desse er to frå UiS. Og blant dei 50 mest siterte, er det fire kvinner. Aslaug Mikkelsen er med blant dei fire. I 2006 var det 20 kvinner blant dei mest siterte professorane.

Professor i samanliknande politikk Frank Aarebrot ved UiB toppar lista over den mest siterte i 2007.

Oversikten viser at professorar i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag dominerer. Med unntak av medisin, er det svak representasjon av matematiske og naturvitskaplege fag.

Om undersøkinga
Undersøkinga tek berre utgangspunkt i norske professorar, professor II og professor emeritus ved alle landets universitet og vitskaplege høgskular, samt BI. I tillegg er samtlige av dei 160 professorane som blei rangerte i fjor med i søket.

Alle namn blei søkt opp i tekstarkivet Atekst for å gi ein indikasjon på kor mykje professorane var i mediene. Ei liste over dei 200 mest siterte professorane med flest treff i Atekst blei deretter oversendt medieovervåkarane Retriever, som gjennomførte søk i sine databaser. Databasene inneheld eit utval riksaviser og regionsaviser, eit utval norske nettstader og ei måling frå NRK Dagsrevyen, TV 2 Nyhetene og P4 Nyhetene.

Meir om undersøkinga


Det skjer på UiS

Vil du vite hva som er på gang? Alle universitetets eksterne arrangementer blir annonsert i vår aktivitetskalender.