MENY

UiS blir meir internasjonal

UiS har nyleg fått eit heidersteikn frå EU-kommisjonen som gjer det enklare å tiltrekke gode, utanlandske forskarar til UiS.

Merete Vadla Madland på laben Her ser vi Merete Vadla Madland, direktør for Det nasjonale IOR-senteret ved UiS. Sertifiseringa av UiS som «HR Excellence in Research» betyr at det internasjonale forskarmiljøet på senteret får dei beste rammer for ei god forskarkarriere. Foto: Alice Nielsen/UiS

Frå og med denne hausten følgjer UiS EUs anbefalingar om normer og retningsliner for forskarar, arbeidsgjevarar og finansørar når det gjelder rekruttering, arbeidsvilkår og karriereutvikling.

UiS har nyleg vorte sertifisert som «HR Excellence in Research». Dette er EUs kvalitetsstempel for institusjonar som jobbar særs for mobilitet av forskarar og som gjev forskarane attraktive arbeidsvilkår og moglegheiter for å utvikle karrieren.

Kvalitetsstempelet inneber at UiS følgjer eit «Charter & Code», det vil seie at UiS skal jobbe i tråd med 40 prinsipp som handlar om etiske spørsmål knytt til rekruttering, tilsettingstilhøve og ivaretaking av forskarane sitt ansvar og rettigheitar – og deira moglegheiter for utvikling.

Bakteppet for dette er at Noreg deltar på lik line i forskarfellesskapet i Europa som dei andre europeiske landa gjennom EØS-avtalen. UiS har jobba systematisk og målretta for å få ein harmonisering – i tråd med Lisboa-strategien frå 2000, som hadde mål om å gjere Europa til verdas mest konkurransedyktige og kunnskapsbaserte økonomi.

UiS meir internasjonal

– Med dette legg UiS betre til rette for auka mobilitet og deltaking i det globale forskingsfellesskapet. Dette er ein viktig milepæl i vårt internasjonaliseringsarbeid, fortel forskings- og innovasjonsdirektør Troels Jacobsen.

Han er veldig glad for at UiS sitt arbeid med å tilpasse seg felles køyrereglar for forskarmobilitet, er i hamn – i form av at EU-kommisjonen har godkjend UiS-søknaden om deltaking i «HR Excellence in Research».

– Med dette kvalitetsstempelet vil UiS ha større moglegheiter for å tiltrekke seg – og halde på – gode forskarar i ein internasjonal konkurranse om dei beste hovuda, seier Jacobsen som legg til at «Charter & Code» krev mykje oppfølging frå UiS dei nærmaste åra.

Karriereutvikling og merittering

For ei tid tilbake kom Universitets- og høgskulerådet (UHR) med ei anbefaling om eit heilskapleg rekrutterings- og karriereutviklingssystem, mykje på bakgrunn av prinsippa i «Charter & Code».

I januar i år kom kvalitetsmeldinga «Kultur for kvalitet i høyere utdanning». Meldinga peika blant anna på at alle institusjonar må få på plass eit meritteringssystem – det å drive med god undervising skal telje.

– Basert på anbefalingane frå UHR og dei føringane som ligg i kvalitetsmeldinga, har vi ønskt å utvikle eit heilskapleg rekrutterings- og karriereutviklingssystem, som også inkluderer utdanningsfagleg merittering – det vil seie at utdanningsfagleg kompetanse er vektlagt i UiS sin heilskaplege karrierepolitikk, fortel Halfdan Hagen, HR-direktør ved UiS.

Hagen har leia arbeidet – både når det gjeld tilpassinga til dei 40 prinsippa i «Charter & Code» og arbeidet med å innlemme ei meritteringsordning. Seniorrådgivar Kjetil Kiil Halvorsen har vore den som har jobba tettast på dette utviklingsarbeidet.

– Norsk lovverk dekkjer mange av «Charter and Code»-prinsippa godt, blant anna når det gjeld likestilling og arbeidsrettar, men på nokre område har norske forskings- og utdanningsinstitusjonar forbetringspotensial, og det gjeld særleg innanfor karriereutvikling, seier Halvorsen.

– Difor har vi særleg jobba med organisasjonens system for karriereutvikling. Dette er viktig dersom vi skal klare å tiltrekke oss gode forskarar, seier Halvorsen.  

Gode rammer for forsking

Forskings- og innovasjonsdirektøren håper at UiS sin handlingsplan knytt til «Charter and Code» vil bety at heile organisasjonen får ei høgare bevisstheit om det å leggje godt til rette for arbeidsvilkår samt at forskarane ser moglegheitene som ligg i UiS deltaking i EUs program for forskarmobilitet.

– Dette handlar om stadig utvikling og forbetring av institusjonens praksisar, påpeiker Jacobsen.

Tekst: Karen Anne Okstad

Logoen «HRS4R»