< Om UiS

Nyheter og presserom

MENY

UiS med spanskkurs på iPad

Lærarar som ønskjer å gi elevane betre spanskundervising kan no ta kurs frå Universitetet i Stavanger på iPad eller pc.

Det nettbaserte kurset i spansk didaktikk, som betyr undervisingslære, har eit særleg fokus på læraren sin formidling og presentasjon i klasserommet. Deltakarane kan følgje direktesende forelesingar eller navigere i videosnuttar.

Kurset startar i september og er ope for alle som har 30 studiepoeng i spansk eller tilsvarande realkompetanse.

Stipendiat Hans Erik Bugge ved Institutt for kultur- og språkvitskap er ansvarleg for det faglege innhaldet. Han påpeiker at det er lagt vekt på læraren sin evne til å formidle faget i klasserommet.

- Som lærar må ein vite korleis ein realiserer eit undervisingsopplegg i praksis. Vi har utvikla kurset i samsvar med den nye språklege utdanningspolitikken til Europarådet, der målet er å skape god praksis i europeiske klasserom. Eg veit av eigen erfaring at didaktikken kan bli eit haleheng som ein nedprioriterer, fortel Bugge, som er stipendiat i framandspråksdidaktikk.

Han seier vidare at nettkurset inneheld øvingar og modellar som skal gjere det enkelt å overføre dei nye kunnskapane til klasserommet.

Egna for sofaen
NettOp UiS står bak den tekniske og visuelle utforminga. Dei har tidlegare utvikla ei nettbasert sjukepleiarundervising ved UiS og har tilrettelagt innhald for iTunes U, der UiS-studentane får førelesingar og anna studiemateriell som podcaster.

- Denne typen kurs er lagt til rette for lærarar som er i fulltidsjobb. Det er lettare gjere oppgåver når ein kan ta fram iPaden eller pc enn ei bok på sofaen etter ein travel arbeidsdag, trur underdirektør Atle Løkken i NettOp.

På UiS satsast det mykje på teknologibaserte verkemiddel. Denne fleksible undervisingsforma opnar for at fleire kan delta på kursa. Sjølv om kursa ikkje er stadbundne og deltakarane ikkje treng å møte på campus, er det likevel lagt opp til fellessamlingar. Deltakarane sine oppgåver leverast på same møte som i eit ordinært kurs, altså gjennom læringsplattforma itslearning, som er mykje brukt i skule og høgare utdanning..

Vidarefører språkkompetanse
Rådgjevar Live Hegelstad i UiS Pluss fortel at kurset i spansk didaktikk blei utvikla på initiativ frå Rogaland Fylkeskommune. Arbeidet starta då språkfaga fransk, spansk og tysk blei lagt ned i 2010.

- Dette er første resultat av eit sterkt ønskje om å vidareføre språkkompetansen ved UiS. Dessutan får didaktikk også stadig meir merksemd hos skuleeigarane, seier Hegelstad.

Kursopplegget kan tilpassast andre framandspråk. NettOp jobbar noe vidare med nye språkkurs, i første omgang brasiliansk-portugisisk på grunnlag av etterspørsel frå næringslivet.

Kurset er eit supplement til anna utdanning og skal gi meir trygge og kompetente lærarar.

- Dette er ei ny måte å nå studentane på. Vi veit at det å kunne høyre ei forelesing kor som helst i verda er heilt greitt for mange, fastslår Hegelstad.

Les mer om kurset på UiS Pluss' nettsider


Det skjer på UiS

Vil du vite hva som er på gang? Alle universitetets eksterne arrangementer blir annonsert i vår aktivitetskalender.