MENY

Verdifull erfaring frå mobbeprosjekt

Dei to barnevernsstudentane Hanne Kristine Haugstad og Ann Cecilie Tengesdal har avdekka at 17 prosent av elevane ved Sokndal skole har vore involvert i digital mobbing. – Det er eit høgt tal som vi vil å få ned, seier dei.

Dei to studentane, som går andre året på bachelor i barnevern, takka nemleg ja til prosjektpraksisplass i Sokndal kommune frå januar i år. Oppdraget frå kommunen var å kartleggje kor utbreitt det er med digital mobbing blant elevane på Sokndal skole.

Talet dei kom fram til var nedslåande.

- Heile 17 prosent av elevane i spørjeundersøkinga svarte at dei blir mobba og, eller mobbar gjennom digitale media som Facebook, msn og blogg, fortel Hanne Kristine Haugstad og held fram:

- Elevane rapporterte at dei både mobbar via mobil og via internett. Men det føregår også mobbing i tradisjonell forstand, altså ansikt til ansikt, seier ho.

Høg svarprosent
Totalt 197 elevar frå 5. til 10. trinn på Sokndal skole deltok i undersøkinga til dei to UiS-studentane.

I utforminga av spørjeskjemaet fikk dei rettleiing frå Senter for åtferdsforsking ved UiS, som er kjent for sine nasjonale mobbeundersøkingar. Spørjeundersøkinga blei deretter godkjent av Norsk Samfunnsvitskapleg Datateneste (NSD).

- Vi fikk ein svarprosent på 80, som er langt over det som er vanleg i slike undersøkingar, fortel Ann Cecilie Tengesdal, som er godt nøgd med responsen frå elevar, lærarar og foreldre på prosjektet deira.

Temadagar i mai
Praksisprosjektet har dei gjennomført i samarbeid med barnevernsleiar Berit M. Kopperud ved barnevernskontoret i Sokndal. Også rektor ved Sokndal skole, Karen Arnø Grastveit, har vore med i planlegginga av mobbeundersøkinga.

Rettleiar Anne Kristin Bruns ved institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger har gitt tilbakemeldingar undervegs i prosjektet. Mellom anna har ho støtta dei to i bearbeidinga av svara i spørjeundersøkinga.

I mai skal dei to studentane arrangere temadagar om mobbing for elevar og foreldre og dei skal føreslå tiltak som kan redusere mobbinga på skolen. Mellom anna vil dei føreslå at det blir oppretta ein e-postadresse som elevar kan bruke til å sende inn spørsmål om mobbing og som dei også kan bruke til å melde frå om dei blir mobba.

- Det kan vere ein e-postadresse som går til ei helsesøster til dømes, seier Haugstad.

Rapporten frå studentene vil deretter bli brukt av barnevernet, helsesøster, skolen og psykiatrisk helsetjeneste i Sokndal kommune.

Verdifull erfaring
- Det kjennes godt når det vi gjer kjem så til nytte. Det er kjekt å vere med å bidra, seier Ann Cecilie.

- Mobbing er eit stort og vanskeleg tema som det er viktig å jobbe målretta med, seier Hanne Kristine.

- Vi har lært mykje gjennom å vere ute i praksis. Også har det vore kjekt å forske litt, konstaterer dei to.

Les meir om Barnevernsutdanninga ved UiS

UiS logo