MENY

Dokumentsenteret

Universitetet i Stavanger har ei sentralisert arkivteneste, som er ansvarleg for handtering av alt arkivverdig materiale og ansvar for posttenesta.

Universitetet i Stavanger har ei sentralisert arkivteneste som er ansvarleg for den sentrale dokumentflyten i organisasjonen og har ansvar for posttenesta.

Arkivtenesta er organisert under Styresekretariatet, og lokalisert i tredje etasje i Kitty Kiellands hus. Postmottaket ligg i første etasje, Kitty Kiellands hus.

Dokumentsenteret er bemanna av seks fast tilsette. Arbeidsområdet består av:

  • Ansvar for opplæring og støtte knytt til universitetets saksbehandlings- og arkivsystemet Public360
  • Ansvar for sortering av all inngåande post til Universitetet i Stavanger, intern fordeling og utgåande post
  • Ansvar for sentralt elektronisk postmottak ved UiS, post@uis.no
  • Registrering, arkivlegging, gjenfinning og utlån av arkivverdig materiale
  • Bortsetting, kassasjon og avlevering til Arkivverket