MENY

Arkeologisk museum

På Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, møtest fortid og nåtid gjennom utstillingar, opplevingar, foredrag og publikasjonar.

  • Bilde av Arkeologisk museum.
    Arkeologisk museum ligg på Våland i Stavanger.
  • Glade barn på Arkeologisk museum.
    Vi har mange omvisingar for barn og barnefamiliar.
  • Bilde av gullbrakteat på Arkeologisk museum.
    Gullbrakteat fra Teig. Foto: Terje Tveit, Arkeologisk museum
  • Bilde fra Jernaldergården på Ullandhaug
    Husfrua skyt med pil og boge på Jernaldergarden på Ullandhaug.

Arkeologisk museum har eit flott bygg, og ligg fint til på Våland i Stavanger sentrum. 

Museets utstillingar og andre aktivitetar gir kunnskap og forståing for menneske i forhistoria og samspelet mellom mennesket og naturen. Det er og viktig for museet å legge til rette for refleksjon kring forholdet vi har til fortida, og museet ønsker at dei som kjem på besøk skal oppleve eit møte med eit menneske frå fortida.

Arkeologisk museum blei etablert i 1975, og har sidan 2009 vore ein del av Universitetet i Stavanger. Museet er eitt av seks universitetsmuseum i Noreg. Arkeologisk museum har ansvar for innsamling, konservering og bevaring av funn frå førreformatorisk tid med tilhøyrande dokumentasjon frå Rogaland. 

Museets har som mål å vera eit nyskapande og innovativt museum, og museet har visjonen: «Det opne museum». Museet ønsker å vera ein ressurs for folk i Rogaland og resten av landet i strevet med å forstå både oss sjølve og samfunnet vi lever i. Vi vil og vera ein ressurs når ein planlegg for framtiden. Og vi har som mål at Arkeologisk museum skal vera ein møteplass, både mellom kultur i fortid og nåtid, og mellom folk frå ulike kulturar i dag.

Museet er ein tverrfaglig institusjon som prøver å finne ut meir om fortida gjennom forsking ut frå ulike faglege tilnærmingar. Og museet ønsker å formidle forskingsresultater frå forhistorien vidare til både lokalbefolkning, næringsliv og turistar. På Arkeologisk museum arbeider mange slags fagfolk. Her er arkeologar og konservatorar, etneolog, historikarar og meteorolg. Det jobber botanikarar, teknikarar, formgivarar, formidlarar og pedagogar på museet, samt økonomar, administratorar og fotografar.  

I sommarhalvåret driv museet med ei rekke utgravingar i Rogaland. Slike utgravingar kjem som regel i gang fordi det skal byggast på område kor det finst kulturminne. Kulturminne som er eldre enn frå før reformasjonen (1536) er automatisk freda, men fredinga kan blir oppheva dersom det er særleg sterke samfunnsmessige grunnar til det. Før bygginga kan starta må slike område granskast av fagfolk.

Arkeologisk museum har og ansvar for formidlinga på Jernaldergarden på Ullandhaug. Jernaldergarden på Ullandhaug er eit rekonstruert gardsanlegg frå folkevandringstida, ca 350 – 550 e.Kr. Garden ligg på toppen av Ullandhaug, rundt tre kilometer frå Stavanger sentrum, med praktfull utsyn over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Jernaldergarden er, som den einaste i sitt slag i Noreg, gjenreist på restane etter ein bondegard frå folkevandringstida (ca. 350 - 550 e.Kr.). Dei tre husa er innreidde med utstyr og husgeråd. Jernaldergarden er open for publikum sommarhalvåret, frå medio mai til slutten av september.