MENY

Glad i bøker?

Som student treng du bøker. Og skrivepapir. Og pennar. Og ein perm eller to til alle papira. Då har du så mykje at du treng ein sekk å ha alt i. Heldigvis - du treng ikkje forlate universitetsområdet for å få tak i det du treng. Både Universitetsbiblioteket og SiS bok har gode tilbod til studentar.

  • Studentgruppe ved Universitetsbiblioteket, UiS
  • Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Stavanger
  • Leseplasser på Universitetsbiblioteket, UiS
  • Universitetetsbibliotekets Avdeling Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum
  • Student i SiS bokhandel på campus Ullandhaug.

Universitetsbiblioteket er plassert i Kjølv Egelands hus. Her finn du det du treng, og det du ikkje finn, kan skaffast. Samlingane der dekkjer dei fem fakulteta som held til på Ullandhaug: Teknisk-naturvitskapeleg fakultet, Samfunnsvitskapeleg fakultet, Det helsevitenskapelige fakultet, Handelshøgskolen ved UiS og Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.
Avdeling Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum, og dekkjer faga innanfor musikk og dans. På lytterommet kan du lytte til musikk fra platesamlinga, som består av i alt ca 4000 CD-plater og 3000 LP-plater innan klassisk musikk, jazz og folkemusikk.

Arkeologisk museum i Stavanger sentrum sitt biblioteket er open for besøkjande og for alle med interesse for historie. Biblioteket har eit stort utval av bøker og tidsskrifter.

Studentsamskipnaden har ein stor bokhandel, SiS bok, omtrent midt på universitetsområdet, i Kitty Kiellands hus. SiS bok er den største fagbokhandelen i regionen. Her finn du pensumlitteraturen du treng, ei skjønnlitterær avdeling, samt studiemateriell.

SiS bok hjelper deg også med å skaffe supplerande litteratur. Du kan bestille og kjøpe bøkene dine på nettsidene. Rundt semesterstart har bokhandelen utvida opningstider.