MENY

Folken – studentane sitt kulturhus i Stavanger

Konsert? Teater? Quiz? Øl, vin, kaffe? På Folken, studentane sitt kulturhus i Stavanger, venter kanskje ditt livs konsertoppleving, ein heidundrande fest i Grottene, eit roleg parti sjakk over ein pils eller ein kopp kaffe i Kafé Akvariet.

Begeistret publikum på konsert på Folken, studentenes kulturhus i Stavanger

Folken er studenthuset i sentrum, der Ny Olavskleiv møter Løkkeveien. Der studentar møtast, uavhengig av utdanningsinstitusjon. I tillegg til å vere studentane sin møtestad i sentrum er Folken og ein viktig kulturarena for heile regionen, kor rytmisk musikk i alle sjangrar blir presentert heile året. Som konsertscene er Folken etablert lokalt og nasjonalt.

Vi har ope måndag til laurdag heile skoleåret, og det går aldri lang tid mellom konsertane. Det er tre lokale på Folken: Kafé Akvariet, Grottene og Storsalen.

Bli med som frivillig
Folken er og ein kjempefin stad å engasjere seg som student. Huset blir i stor grad drive av frivillige studentar knytt til dei ulike “husgjengane”, som Servering, Lyd- og Lys og Musikkforeninga. Å bli frivillig på Folken er ein kjempefin måte å lære litt ekstra ved sidan av studiet, og samtidig treffe nye venner!

Viss du vil bli med som frivillig, eller har fleire spørsmål rundt det kan du sende oss ein e-post: blimed@folken.no

Lei Grottene gratis til studentfestar
Grottene og Storsalen er berre opne under arrangement.
Men som student kan du leie Grottene gratis - sjekk ut nettsidene til Folken for meir informasjon.

Logo til Folken - studentenes kulturhus i Stavanger