MENY

Campus Ullandhaug: På historisk grunn

Det er historisk sus over campus til Universitetet i Stavanger på Ullandhaug. Herfrå ser vi ned på Hafrsfjord, der Harald Hårfagre i år 872 svinga sverdet og samla Noreg til eitt rike.

  • Semesterstart på campus Ullandhaug, Universitetet i Stavanger
  • Oversiktsbilde campus Ullandhaug, Universitetet i Stavanger
  • Campus-bilde med Ullandhaugtårnet
  • Hoppande studentar på campus Ullandhaug
  • UiS-studentar

Også sentrale politikarar i Stavanger sette seg eit høgt mål då dei i 1966 vedtok å regulere 1300 dekar på Ullandhaug til eit universitetsområde. Grunnlaget for Universitetet i Stavanger var lagt. No kallar vi universitetsområdet for ”campus” på UiS. Campus ligg både sentralt og landleg til. Det er berre ti minutt med buss til Stavanger sentrum og sykkelavstand til studentbustadene.

Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ein pause frå studia. Joggarar, idrettslag, turgåarar og barnehagar brukar området flittig. Her finn du også Universitetsbiblioteket, bokhandel, kafear, kaffibar, treningsfasilitetar og helsetenester. Og det kort veg frå campus til både skog og hav.

Dei seks fakulteta ligg i hovudsak på Ullandhaug, fordelt på fleire bygningar. Eit unntak er Fakultet for utøvande kunstfag, som ligg i idylliske omgivnader i Bjergsted, i Stavanger sentrum. Fakultetet  er næraste nabo til Konserthuset i Stavanger.

Studentekspedisjonen, opptakskontoret, studierettleiinga, rektoratet, leiinga og administrasjonen held til i Arne Rettedals hus, eit naturleg midtpunkt på campus, omgjeve som det er av gangstiar og uteområde.

Som student ved UiS har du unike treningsforhold. SiS sportssenter opna ved semesterstart i 2005, og har fleire år blitt kåra til det beste treningssenteret i byen.

Velkomen skal du vere!