MENY

Universitet med røter frå 1800-talet

Universitetet i Stavanger fekk offisielt status som universitet 1. januar 2005. Men UiS har minst 142 år gamle røter.

Flyfoto som viser UiS og universitetsområdet

Det var ein portefølje med basis i eit stamtre fra 1800-talet som låg til grunn då institusjonen søkte om universitetsstatus i juni 2003, sjølv om den vitenskaplege tyngda nok blei utvikla dei siste tiåra før tusenårsskiftet.

Frå 1862 ga Det Kobbervigske Skoleinstitut lærerutdanning for Stavanger Amt. Men alt før den tid hadde det vore lærarutdanning fleire stader i Rogaland, og i Stavanger. Den Riibergske Skole på Jelsa frå 1773 var den første lærarutdanningsanstalt i fylket.

Vaisenhusgaten 50 i Stavanger huset institusjonar som vert rekna som forløparar til Universitetet i Stavanger, Stavanger Tekniske aftenskole frå 1878 og Stavanger Elementærtekniske dagskole frå 1913.

I 2012 feira Norsk hotellhøgskole 100-årsjubileum. Forløparen, Norsk Hotelfagskole, blei stifta i Oslo i 1912.