MENY

UiS og etisk handel

UiS ønskjer gjennom sitt arbeid med etisk handel å medverke til ei sunn sosial og berekraftig utvikling nasjonalt og globalt.

UiS sine innkjøp skal medverke til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i dei landa varane kjem frå. Dette skal vi få til ved at UiS sine innkjøp skal vere i tråd med internasjonale anerkjente standardar for arbeidartakarrettar og menneskerettar. 

Dette betyr at vi stiller krav til etisk handel i dei tilfella vi meiner det er naudsynt.

Dette inneber også at vi følgjer opp våre leverandørar for å sjå til at dei rettar seg etter våre krav. 

Målet er at dei som lagar produkta har grunnleggjande rettar og at produksjonen ikkje er til skade for miljøet.

Kva er etisk handel?

Etisk handel er handel som tek vare på og fremjer menneskerettar og arbeidarrettar i leverandørkjeda.

Å stille etiske krav handlar ikkje om å eksportere norske arbeidsstandarder til andre land. Det handlar om å respektere grunnleggjande rettar.

Medlemsskapet vårt i IEH betyr at vi skal arbeide for å unngå at vi kjøper inn varer som er framstilt gjennom tvangsarbeid, barnearbeid, helseøydeleggjande arbeidsplassar, grov diskriminering og løn under fattigdomsgrensa.

Støttar opp om etisk handel

UiS ønskjer med dette å vere med på å skape forbetringar for arbeidarar i lavkostland og fremje eit lands utvikling, og det skjer fyrst når arbeidarane har anstendig arbeidsvilkår og når miljøskadar blir minimert i heile produksjonsprosessen.

Det er også viktig for UiS å gjere noko aktivt for at fellesskapets ressursar skal bli brukt på varer som er produsert på ein lovleg og etisk måte, og som tek omsyn til andre menneskjers liv og helse og ei berekraftig utvikling

 

 

UiS logo
Logo Initiativ for etisk handel

UiS har sidan 2008 vore medlem i IEH.