MENY

Uniped – Universitetspedagogisk arbeid

Universitetet i Stavanger (UiS) har høge ambisjonar for læringsmiljø og undervisningskvalitet. Undervisningen skal vere variert og tilpassa fag, læringsutbytte og studentar i dag og i framtida.

Studentar ved Universitetet i Stavanger.

Dette arbeidet blir ivaretatt av Uniped. Oppgåva til Uniped er å vidareutvikle undervisningskvaliteten ved Universitetet i Stavanger og medverke til at dei tilsette blir tilbydde gode fagliege støttestrukturar for å kunne fremme arbeidet med kvalitet i undervisningen.

Uniped skal bidra til at det vitskapelege tilsette utviklar og vidareutviklar sitt grunnlag for profesjonell undervisning.

Dei faglege kjerneområda for Uniped er årlege kurs i universitets- og høgskolepedagogikk for alle tilsette i faste vitskapelege stillingar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basiskompetanse.

I tillegg til eit rettleiings- og integreringsprogram som alle nytilsette i mellombelse og faste vitskapelege stillingar med undervisningsoppgåver deltar i det første av sin tilknyting til UiS (NyTi), og ei tvikling av universitetspedagogikk generelt, inkludert nye og relevante undervisningsformer og forskingsbasert utprøving av ulike undervisnings- og vurderingsmåtar.