Forside» Om UiS» Fakultet og einingar

Organisasjonen


Universitetet i Stavanger har om lag 9000 studentar og 1200 tilsette og eit mangfald av undervisings-, forskings- og utviklingsaktivitetar. Undervisingstilbodet spenner frå grunnstudiar til doktorgradsstudiar og etter- og vidareutdanningstilbod.

Universitetet i Stavanger er organisert i tre fakultet: Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. Universitetet har også knytt til seg to nasjonale forskings- og kompetansesenter, Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, og Senter for åtferdsforsking og fleire andre forskningssenter. I tillegg er Arkeologisk museum ein del av UiS.

Universitetet i Stavanger eig 50 prosent av forskingsinstiuttet International Research Institute of Stavanger AS (IRIS) og har òg eit Technology Transfer Office, Prekubator AS.

Leiinga
Rektor er leiar av den faglege verksemda ved universitetet og er styreleiar i universitetsstyret. Prorektor er nestleiar i styret.

Leiargruppa ved universitetet består av rektoratet, universitetsdirektør, strategi- og kommunikasjonsdirektør, dekanane og direktøren ved Arkeologisk museum.

Universitetsdirektøren har det totale administrative ansvaret for universitetet. Stabsavdelingane er delte inn i strategi- og kommunikasjon, utdanning, personale og økonomi- og verksemdsstyring. Universitetsbiblioteket, felles ressurssenter, styresekretariatet, UiS Pluss og NettOp er einingar som òg ligg under universitetsdirektøren.

Fakultet, institutt og senter
Kvart fakultet blir leia av ein dekan med totalansvar for verksemda. Fakultetsleiinga består i tillegg av instituttleiarar med ansvar for verksemda på institutta, prodekanar for forsking og undervising og fakultetsdirektør.

Det humanistiske fakultet består av Institutt for musikk og dans, Institutt for kultur- og språkvitskap, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk og Institutt for førskulelærarutdanning. Dei to nasjonale forskings- og kompetansesentra, Senter for åtferdsforsking og Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, er òg ein del av Det humanistiske fakultet. Dei to sentra er leia av kvar sin senterleiar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet består av Norsk hotellhøgskole, Handelshøgskolen ved UiS, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Institutt for helsefag.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet består av Institutt for matematikk og naturvitskap, Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for petroleumsteknologi, Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi og Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging.

Ved Universitetet i Stavanger finst òg fleire forskingssenter. Nokre av dei er oppretta i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.




 



Publisert av Hildegard Nortvedt (20.10.2011)

Skriv ut artikkel print
Organisasjonskart

Få oversikt over UiS ved hjelp av klikkbart organisasjonskart.