Forside» Om UiS» Fakultet og einingar» Arkeologisk museum
Arkeologisk museum

Arkeologisk museum


Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er eit statleg museum som arbeider med historia til Rogaland frå dei første menneska kom hit og fram til slutten av mellomalderen.

Gjennom utstillingar, publikasjonar, foredrag, ekskursjonar og ulike aktivitetar vil vi gi folk kunnskapar om fortida og om samspelet mellom menneske og natur. Det er og viktig for oss å legge til rette for refleksjon omkring forholdet til fortida.

Arkeologisk museum ynskjer å vera ein ressurs for folk i Rogaland. I strevet med å forstå både oss sjølve og samfunnet vi lever i. Og ein ressurs i arbeidet med å planlegge for framtida. Vi vil og at Am skal vera ein møteplass, både mellom kultur i fortid og nåtid og mellom folk frå ulike kulturar i dag.

På Arkeologisk museum arbeider det mange slags fagfolk. Her er mange arkeologar, men også etnolog og historikar, botanikarar, kvartærgeolog, meteorolog, teknikarar, formgjevarar, pedagogar, økonomar og administratorar. Museet er ein tverrfagleg institusjon som prøver å finne ut meir om fortida gjennom forsking ut frå ulike faglege tilnærmingar.

I sommarhalvåret driv museet med ei rekke utgravingar i Rogaland. Slike utgravingar kjem som regel i gang fordi det skal byggast på område der det finst kulturminne. Kulturminne som er eldre enn frå før reformasjonen (1536) er automatisk freda, men fredinga kan opphevast dersom det ligg føre særleg sterke samfunssmessige grunnar til det.

Du er hjarteleg velkomen til å besøke oss. Vi har eit hyggeleg vertskap som tar i mot publikum.

For meir informasjon om utstillingane og fagområda knytta til Am og tilbod til skoler og barnehagar, kan du besøke muséets eigne nettsider.




Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (22.09.2009)

Skriv ut artikkel print
Åpningstider

1. september – 31. mai

tirsdag 11.00–20.00,
onsdag – lørdag 11.00–15.00,
søndag 11.00–16.00,
mandag stengt.  

 1. juni – 31. august

mandag – fredag 10.00–17.00,
lørdag – søndag  11.00–17.00
 
Billettpriser
Voksne  kr 50
Barn/honnør/student  kr 20
Familiebillett  kr 100
Student/ansatt UiS  Fri entré

Billett er gyldig på Arkeologisk museum
og på Jernaldergarden.