Senter for åtferdsforsking


Senter for åtferdsforsking er eit statleg, forskingsbasert spesialpedagogisk kompetansesenter ved Universitetet i Stavanger. Senteret vart etablert i 1989, og har sidan 1999 vore landsdekkjande.

Senter for åtferdsforsking (SAF) har som mål å utvikle og formidle kompetanse innanfor feltet psykososiale vanskar blant barn og unge.

Oppbygginga av SAF som kompetansesenter har først og fremst skjedd gjennom utadretta arbeid ovanfor kommunar og fylkeskommunar, og gjennom forskningsaktivitetar innanfor sosiale og emosjonelle vanskar. 

Senteret har rapportert til det statlege spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) om arbeidet som kompetansesenter. 

SAF er del av Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stavanger (UiS) og har ei tosidig oppgåve. I tillegg til å yte tenester for Statped skal senteret også arbeide med undervisning og rettleiing overfor studentar på universitetet. SAF arbeider også med ein del eksternt finansierte forskings- og utviklingsprosjekt.


Publisert av (22.11.2006)

Skriv ut artikkel print
Senter for åtferdsforsking
Senteret er ein del av Det humanistiske fakultet. Senter for åtferdsforsking har eigne nettsider.