Forside» Om UiS» Fakultet og einingar» Humanistisk fakultet» Grunnskolelærar, idrett og spesialpedagogikk

Velkomen til Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk


Ein god lærar gjer at elevar klarer å tileigne seg nødvendig lærdom. Ein verkeleg god lærar skaper også iver etter å lære meir. Begge delar er grunnleggande i eit kunnskapssamfunn.

Vi har grunnskolelærarutdanning som er fireårig (valgfri femårig, allmennlærarutdanning, masterprogram og Ph.D.-program i spesialpedagogikk, masterprogram i matematikkdidaktikk, bachelorprogram i idrett og ERASMUS MUNDUS Master in Migration and Intercultural relations. Vi tilbyr årsstudier i kunst og handverk, samfunnsfag, drama og idrett/kroppsøving, og ei rekkje fordjupingar i dei fleste av grunnskulen sine undervisningsfag.

Hausten 2010 blei grunnskulelærarutdanningane innført, og studentar må velje om dei vil utdanne seg for å arbeide i 1.-7. trinn eller 5-10. trinn.

Instituttet har et aktivt forskingsmiljø. Mange ansatte deltek i forsking om læraren sin kunnskap om undervisning og om korleis læring skjer.

Vi tilbyr óg etter- og vidareutdanning for lærarar, har eit godt utvikla tilbod om rettleiing for nyutdanna lærarar og samarbeidar tett med praksisskuler og skuleeigarar.

I samarbeid med Stavanger kommune koordinerer vi og Nattergal-prosjektet der studentar følger opp born med minoritetsspråkleg bakgrunn.


Publisert av (01.08.2011)

Skriv ut artikkel print
Bilete frå klasseromssituasjon. Foto: iStockphoto
Partnerskapsavtaler

Instituttet samarbeidar systematisk med skuleeigarar og partnerskapsskular i regionen. Partnerskapsavtalene gjeld i perioden 2010 - 2014. Informasjon om det å være praksisskole finn du her:

Spørsmål og svar (pdf - 25 kb)
Sentral øvingslæreravtale 1a (pdf)
Sentral øvingslæreravtale 1b (pdf)
Presentasjon møte skoleeiere 11.01.2011  (ppt)
Presentasjon fra en rektor (ppt)
Mal rammeavtale om samarbeid UiS og skoleeier (ppt)
Mal partnerskapsavtale UiS og skoler (ppt)

 

Følgjegruppa for lærarutdanningsreformen

Kunnskapsdepartementet har etablert ei nasjonal følgjegruppe for innføring av reforma i lærarutdanninga og lagt sekretariatet for arbeidet til Universitetet i Stavanger. Besøk heimesida til følgjegruppa

Følg gruppa på Facebook