Gjennom høgt profilert kunstnerisk og pedagogisk verksemd og samarbeidsprosjekt på tvers av studieprogram og sjangergrenser, ønskjer vi å skape eit særeige studiemiljø i nasjonal samanheng.
Studentane våre skal bli utøvarar og pedagogar på eit høgt nivå, med ei reflektert haldning overfor så vel tradisjon som nyskaping. På dei lågare gradsnivåa har vi tre ulike pedagogiske bachelorprogram, med hovudretninger innan klassisk musikk, jazz eller dans. Vi kan òg tilby eit bachelorprogram i utøvande musikk, klassisk. Alle bachelorprogramma er treårige.
På høgare gradsnivå kan vi tilby eit toårig mastergradsstudium i utøvande musikkfag, klassisk.
Musikkproduksjon og opptaksteknikk, samt praktisk-pedagogisk utdanning i musikk og dans (PPU) kan du ta som årseiningar.
Instituttet har dessutan halvårseiningar med arrangering og komponering, kordirigering, ensembleleiing og jazzimprovisasjon.
Dersom du ønskjer nærare informasjon om studia, kan du kontakte instituttet på telefon 51834000 eller på e-post: musikk-dans@uis.no
Velkomen til eit kreativt institutt
Institutt for musikk og dans har røtene sine i ein klassisk konservatorietradisjon, men har i dei seinare åra utvikla spanande studietilbod også innan jazz, improvisert musikk og dans.
UNGE MUSIKERE
Unge Musikere er eit nasjonalt talentutviklingsprogram for unge mellom 13 og 19 år.



