I dag er nærare 15 prosent av studentane våre frå ulike land i Europa, Asia, Afrika, Sør-Amerika og USA. Dei fleste av desse tek fullstendige studieprogram ved instituttet, medan andre er utvekslingsstudentar. Det internasjonale miljøet avspeglar seg også blant våre vitenskapleg tilsette, og gjer det mogleg for oss å leggje mykje av undervisninga til rette for utanlandske studentar.
Vi er tilslutta nordiske samarbeidsnettverk for student- og lærarutveksling (Nordplus), og har aktive institusjonsforankra samarbeidsavtaler både innanfor Europa (Sokrates/Erasmus) og direkte med institusjonar utanfor EU. Gradsstrukturen og karaktersystemet vårt er kompatibelt med utdanningssystema i dei fleste europeiske land. Vi gjev også Diploma Supplement som kan gjere det enklare å begynne på utanlandske studiestader.
Instituttet er medlem av Nordisk konservatorieråd, Europeisk konservatorieråd (AEC) og European League of Institutes of the Arts (ELIA), Society of Professional Audio Recording Services (SPARS), samt Audio Engineering Society (AES). Vi er også tilknytta Society of Professional Audio Recording Services og Audio Engineering Society. Dette gjer det mogleg med blant anna utvikling av felles internasjonale standardar for utdanningar innan våre fagfelt.
Vår verksemd avspeglar et breitt internasjonalt engasjement, utan at dette gjer ei solid lokal forankring mindre viktig.
Det internasjonale arbeidet ved Institutt for musikk og dans er i hovudsak bygd på:
Student- og lærarutveksling innanfor ulike program (Erasmus, Nordplus, kvoteprogrammet, mm)
Innkomande og utreisande studentar utenfor stipendprogramma
Direkte samarbeid med utanlandske utdanningsinstitusjonar (Beograd, Bagamoyo, kinesiske institusjoner, mfl.)
Deltaking på konferansar, konsertturnear etc.
Samarbeid med ICMF (International Chamber Music Festival – Stavanger) om International Summer Academy (ISA)
Samarbeid med Maijazz - Stavanger International Jazzfestival
Ønsker du meir informasjon kan du ta kontakt med vår internasjonale koordinator Trym. E. Holbek på tlf. 51 83 40 00 eller på e-post: trym.holbek@uis.no



