Fakultetet tilbyr 13 grunnutdanningar og 8 masterutdanningar, ei rekkje vidareutdanningsprogram, samt forskarutdanning. Studia ved fakultetet bygg på ein kombinasjon av teoretisk og praktisk kunnskap, på tverrfaglegheit og samarbeid med offentleg og privat næringsliv. Ny kunnskap vert generert ut frå både praktisk erfaring og systematisk forsking, eller i kombinasjonen av dei to.
Utdanningstilbodet ved fakultetet er variert og omfattar blant anna økonomi, hotell og reiseliv, mediefag, sosiologi, sosialt arbeid, barnevern, sjukepleie, endringsleiing, kunst- og kultur, og samfunnstryggleik.
Fakultetet er fordelt på fem institutt:
Institutt for helsefag (Kjell Arholms hus)
Institutt for sosialfag (Kjell Arholms hus)
Norsk Hotellhøgskole (Ellen og Axel Lunds hus)
Handelshøgskolen ved UiS (Ellen og Axel Lunds hus)
Institutt for media-, kultur- og samfunnsfag (Kjølv Egeland hus)
Sjå kart


