Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag tilbyr utdanningar som diskuterer og gjev svar på slike problemstillingar. Instituttet har eit breitt samansett og spanande fagtilbod frå bachelor til master, og vidare til doktorgrad. Under ein samfunnsvitskapleg paraply tilbyr instituttet både tradisjonelle og nyskapande utdanningar. Vi tilbyr grunnutdanningar i mediefaga journalistikk og fjernsyns- og multimedieproduksjon, i tillegg til sosiologi, kunst- og kulturstudier og statsvitskap. Deretter kan du velja å studera vidare på masternivå, innan fagområda endringsleiing, samfunnstryggleik og kunst- og kulturvitskap.
Dette er allmennyttige utdanningar, som gjev eit godt grunnlag for å forstå samfunnet vi er ein del av. Utdanning på universitetsnivå gir deg, i tillegg til ein spesifikk fagkompetanse, ein generell kompetanse som av mange arbeidsgjevarar vert sett på som ein kvalifikasjon i seg sjølv.
Dersom du ønskjer å forsetja etter masternivå, kan du søkja opptak på doktorgrad ved det samfunnsvitskaplege fakultet. Doktorgradsstudiet er ei treårig forskarutdanning. Ved institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag finst doktorgradsprogrammet Risikostyring og samfunnstryggleik, og Leiing.
(Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet) og Nettverk for kjønnsforsking er knytt til instituttet.
Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag
Korleis vert kultur uttrykt gjennom arkitektur og kunst? Korleis formar vi samfunnet rundt oss, og korleis formast vi av samfunnet? Kva er eit kulturminne? Korleis kan vi redusere risikoen for at kriser oppstår? Kva rolle spelar ein leiar i endringsprosessar i ulike verksemder? Korleis vert nyheitene til? Korleis forstå forholdet mellom medium og makt? Korleis vert norsk politikk påverka av EU og globaliseringa?
BESØKSADRESSE
Kjølv Egelands hus, 3. etasje C-bygget
Telefon: 51 83 15 00/15 35
Telefax: 51 83 15 50
Instituttleiar:
Jørn Varhaug



