Barnevernspedagogar og sosionomar må arbeide tett på menneske i alle slags situasjonar i livet. Du må ha eit sterkt engasjement for andre, men samtidig skal du vere ein profesjonell fagperson som andre må kunne stole på. Respekt og integritet er såleis viktige verdiar for desse yrkesgruppene.
Sosialfaglege utdanningar er alltid aktuelle, og du vil få mange utfordringar undervegs. I studia vert det lagt vekt på å knyte den teoretiske og den praktiske kunnskapen saman, og du vil få praktisk trening på potensielle arbeidsplassar.
Du finn meir informasjon om tilboda ved Institutt for sosialfag under "Studietilbod".
Institutt for sosialfag
Institutt for sosialfag er eitt av to helse- og sosialfaglege institutt ved Universitetet i Stavanger. Vi held til i Kjell Arholms hus på Universitetsområdet.

BESØKSADRESSE
Kjell Arholm Hus
Telefon: 51 83 41 00
Telefax: 51 83 41 50
Instituttleiar:
Svanaug Fjær
Kontorsjef:
Kristin Mæland
STUDIETILBOD



