Kybernetikk


Faggruppa i kybernetikk er ansvarleg for undervisning, forskning og utvikling innan fagområdet kybernetikk.

Kybernetikk er det fagområdet som handlar om å styra prosessar slik at dei oppfører seg slik vi vil. Det kan f.eks. vera å styra ein robot slik at den lakkerer ein bil, eller å styra eit skip slik at det held seg på rett kurs. Namnet kybernetikk kjem av eit gresk ord som betyr styrmann.

Styringa av ein prosess kan vera manuell eller automatisk.  Eksempel på automatiske system:

  • Elektrisk varmeomn med termostat 
  • Fartsregulator, ”cruise control”, i bil 
  • Autopilot for fly eller skip 
  • Vaskemaskin for bilar 
  • Foringsanlegg for oppdrettsfisk

For å kunne automatisera ein prosess, må vi for det første ha informasjon frå prosessen og for det andre ha ein måte å styra prosessen på.

Når ein til dømes køyrer bil, tar ein inn informasjon om trafikksituasjonen via synet. Dette blir behandla av hjernen som så styrer musklane våre. Dette igjen fører til rett dreiing av ratt og trykk på pedalar. Ein har altså ei tilbakekobling frå trafikken via synet vårt.

Tilbakekoblinga er ein viktig del av alle automatiske system.

I eit automatisk system er det sensorar som ser inn i prosessen, og vanlegvis er det ein datamaskin som behandlar informasjonen frå sensorane. Datamaskinen sender så styresignal til motorar eller andre komponentar som påvirkar prosessen. Datamaskinen er bygd opp av analog og digital elektronikk der ein viktig komponent er mikroprosessoren. Denne køyrer programvaren for det automatiske systemet.

Automatisering av prosessar gir mange fordelar:

  • Prosessen går utan avbrot. (Prosessen har for eksempel ikkje behov for kaffipause.) 
  • Helsefarlege oppgåver som for eksempel lakkering kan gjerast av maskinar. 
  • Ein kan oppnå ein meir effektiv bruk av ressursar, f.eks. lågare lakkforbruk ved lakkering. 
  • Ein oppnår generelt økonomisk og miljømessig gevinst som gir betre konkurranseevne.

Kva med arbeidsplassane som forsvinn ved automatisering? Det viser seg at den økonomiske gevinsten ved automatisering gjer at bedrifter kan setja folka til meir utfordrande oppgåver som igjen gjer at bedrifta utviklar seg fortare og betre enn utan automatisering.

Det er eit stort behov i industrien for folk som kan automatisering. Ved å gjennomføra eit bachelorstudium i elektro på studieretninga Digital styring og kommunikasjon lærer du om dette. Du kan også byggja på dette studiet med eit 2-årig masterstudium i informasjonsteknologi på studieretninga Kybernetikk/signalbehandling for å læra meir om
automatisering.


Publisert av Kjersti Engan (07.01.2008)

Skriv ut artikkel print
Sjølvgåande robot laga av to av elektro-studentane våre. (Stonga nederst er for vinkelmåling, ikkje støtte!)

Bildet av hummeren over er fra et landbasert hummeroppdrettsanlegg. Bildet blir brukt i et dataprogram som først bestemmer hvorvidt hummeren lever og som deretter fôrer hummeren automatisk. Hvis hummeren er død, gir programmet beskjed til røkteren som fjerner dyret.