Hopp til innhold

Forside  | Om UiS  | Fakultet og einingar  | Teknisk-naturvitskapleg fakultet  | Matematikk og naturvitskap

Institutt for matematikk og naturvitskap


Instituttet har stor spennvidde, og dekkjer fagområda fysikk, kjemi, matematikk, statistikk, biologisk kjemi, molekylær cellebiologi og teknisk miljøvern.

Instituttet tilbyr ei rekkje studiar innan desse fagfelta på alt frå grunnlagsnivå til doktorgradsprogram, og i tillegg har instituttet ansvar for all undervisning i grunnlagsfag i matematikk, fysikk og kjemi i dei andre utdanningane ved fakultetet.


Grunnstudiar som blir tilbode ved instituttet er årsstudium i matematikk og bachelorstudiar i matematikk, teknisk realfag, kjemi og miljø, og biologisk kjemi. På mastergradsnivå tilbyr instituttet for tida studieprogram i biologisk kjemi, miljøteknologi, offshoreteknologi/teknisk miljøvern, og realfag med teknologi (integrert lærarutdanningsprogram). Studiet i miljøteknologi og offshoreteknologi blir tilbode på engelsk med internasjonalt opptak. På doktorgradsnivå tilbyr instituttet program i biologisk kjemi og i offshoreteknologi. I tillegg er ofte tilsette ved instituttet involverte i rettleiing av stipendiatar på doktorgradsprogram ved andre institutt.


Den vitskaplege staben består av drygt 30 tilsette og over halvparten er professorar. Det er aktiv forsking innan alle fagområda ved instituttet, og instituttet har mange postdoktorar og stipendiatar. Det er også eit omfattande laboratoriearbeid ved instituttet, både knytt til forsking og undervisning, og ei rekkje teknisk tilsette er knytt til drifta av laboratoria. Instituttet har svært gode forskingsfasilitetar, spesielt innan biokjemi, molekylær cellebiologi og mikroskopi/biletmålingar.


Centre for Organelle Research (CORE) er knytta til instituttet.


Publisert av Thomas Bore Olsen (23.04.2008)

Skriv ut artikkel print
Reagensrør med lilla væske. Foto: E. Tønnessen
STUDIUM VED INSTITUTTET

Instituttet tilbyd studium innanfor teknisk realfag, miljøbioteknologi, kjemi, biologisk kjemi, offshoreteknologi/teknisk miljø og matematikk. Les meir .