Institutt for matematikk og naturvitskap


Instituttet har stor spennvidde, og dekkjer fagområda fysikk, kjemi, matematikk, statistikk, biologisk kjemi, molekylær cellebiologi og teknisk miljøvern.

Instituttet tilbyr ei rekkje studium på desse fagfelta på alt frå grunnlagsnivå til doktorgradsprogram, og i tillegg har instituttet ansvar for all undervising i grunnlagsfag i matematikk, fysikk og kjemi i dei andre utdanningane ved fakultetet.

Mange grunnstudium
Grunnstudium som blir tilbode ved instituttet er årsstudium i matematikk og bachelorstudium i matematikk, teknisk realfag, kjemi og miljø, og biologisk kjemi. På mastergradsnivå tilbyr instituttet for tida studieprogram i biologisk kjemi, miljøteknologi, offshoreteknologi/teknisk miljøvern og realfag med teknologi (integrert lærarutdanningsprogram).

Studiet i miljøteknologi og offshoreteknologi blir tilbode på engelsk med internasjonalt opptak. På doktorgradsnivå tilbyr instituttet program i biologisk kjemi og i offshoreteknologi. I tillegg er ofte tilsette ved instituttet involverte i rettleiing av stipendiatar på doktorgradsprogram ved andre institutt.

Aktiv forsking
Den vitskaplege staben består av drygt 30 tilsette og over halvparten er professorar. Det er aktiv forsking innan alle fagområda ved instituttet, og instituttet har mange postdoktorar og stipendiatar.

Det er også eit omfattande laboratoriearbeid ved instituttet, både knytt til forsking og undervisning, og ei rekkje teknisk tilsette er knytt til drifta av laboratoria. Instituttet har svært gode forskingsfasilitetar, spesielt innan biokjemi, molekylær cellebiologi og mikroskopi/biletmålingar.

Instituttet har fire fagseksjonar:

Biologisk kjemi

Kjemi og miljø

Fysikk

Matematikk


Instituttet har også eit eige forskingssenter - Centre for Organelle Research (CORE)


Publisert av Leiv Gunnar Lie (21.07.2010)

Skriv ut artikkel print
STUDIUM VED INSTITUTTET

Instituttet tilbyr studium innanfor teknisk realfag, miljøbioteknologi, kjemi, biologisk kjemi, offshoreteknologi/teknisk miljø og matematikk.

Årsstudium i matematikk
Bachelor i matematikk og fysikk
Bachelor i kjemi og miljø (Ingeniør)
Master i miljøteknologi (Siv.ing.)
Master i miljøovervåkning i nordområdene ( sammen med SPbSU)

Bachelor i biologisk kjemi
Master i biologisk kjemi