Eit nytt universitet på historisk grunn
Det nye universitetet ligg på eit område som er rikt på historie. Næraste nabo er Jarnaldergarden på Ullandhaug, og frå Universitetsområdet kan du sjå Hafrsfjord, der det vidkjende slaget stod i år 872.
De tre fakulteta ligg i hovudsak på Ullandhaug, fordelt på fleire bygningar. Eit unntak er Institutt for musikk og dans, som ligg i idylliske omgivnader i Bjergsted i sentrum. Instituttet blir næraste nabo til det prosjekterte nye konserthuset i Stavanger.
Ved årsskiftet 2005-2006 flytta fleire fagmiljø, student-organisasjonen, studentekspedisjonen, opptakskontoret, studierettleiinga, rektoratet, leiinga og administrasjonen inn i eit flunkande nytt bygg her på campus: Arne Rettedals hus. Bygget er eit naturleg midtpunkt på campus, omgjeve som det er av gangstiar og uteområde. Fleire av dei andre bygningene på campus er pussa opp, og til saman har UiS no nærare 100 000 m2 til disposisjon.
Vi håpar du vil ta turen opp til oss!
Campus ligg på Ullandhaug, ca. 4,5 km frå Stavanger sentrum. Du kan bli nærare kjend med området ved å sjå på kartet.
For å finne ut korleis du kjem til campus, kan du bruke dette kartet.
No kan du også få informasjon om tilgjengelegheit i offentlege bygg på nettstaden Bygg for alle Bygga finn du ved å skrive heile eller delar av namnet på bygget du ønskjer å finne i fritekstsøkefeltet. Søk opp dei ulike bygga ved UiS!
Vi oppfordrar alle som kan, om å ta buss til universitetsområdet. Følgjande bussruter går til UiS:
- Frå Stavanger sentrum:
6, 7 og X60
- Frå Randaberg: 72
- Frå Forus: 72
- Frå Sandnes:
6 og X60
- Frå Sola: 7
(ikkje frå flyplassen)
- Frå Hauge/Egersund/
Bjerkreim/Ålgård/
Sandnes: E90
Meir om rutetidene til og frå universitetet finn de her: www.kolumbus.no



