MENY

Venture Cup

Venture Cup er ein forretningsplankonkurranse starta av McKinsey & Co. Konseptet har vore nytta i fleire land i Europa, og arrangerast no i Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Venture Cup har vore i Noreg sidan 1999.

Start Noreg har hatt ansvar for konkurransen sidan 2004. Start UiS har vore vertskap for nasjonal finale i 2006, 2011 og 2014. Venture Cup er Noregs største forretningsplankonkurranse, og nordisk sett er det den største.

I tillegg til å vera ein forretningsplankonkurranse er formålet med Venture Cup å være ein pådrivar for nyskaping gjennom marknadsføring og kunnskapsformidling av entreprenørskap. Dette har vært ein av dei viktigaste drivkreftene bak Start Noreg sitt engasjement til å arrangera Venture Cup i Noreg. Venture Cup ynskjer å bidra til nyskaping, først og fremst fordi det er ein moglegheit til å bidra til framtidig verdiskaping for heile Noreg.

Det finst mange andre aktørar som jobbar for å stimulere til nyskaping, men Venture Cup har ein unik posisjon: Venture Cup krev ikkje eigarinteresser i selskap som startar opp, men tilbyr og vidareformidlar uforpliktande kontaktar med andre ressursperson som kan gjera idear til lønnsame verksemder.

Nokre av dei viktigaste kjenneteikna ved Venture Cup er:

Sjølvstede – Venture Cup tar ikkje eigarinteresser
Konfidensialitet – Deltakarane må ha tillitt til Venture Cup for å kunne søke støtte og rettleiing
Vinnarkultur – Venture Cup skaper og driv frem vinnarar
Kvalitet – Venture Cup leverer eit sterkt og komplett innhald på ein effektiv måte
Inkluderande – Venture Cup er open for alle og skal samarbeide med andre aktørar og eit breitt nettverk av ressurspersonar.

Målsettinga for Venture Cup er å bidra til at nye verksemder etablerast i Noreg. Venture Cup skal vera hovudarena for forretningsplanar, og skal vera den leiande, årlege forretningsplankonkurransen i Noreg.

I Stavanger bli Venture Cup arrangert kvart år. Båe studentar som ynskjer å teste ut ein eigen ide, forretningsplan  eller studentar som deltek i ulike emne innanfor entreprenørskap og innovasjon vil kunne ha stor nytte av å delta i konkurransen, som i tillegg til store premiepengar, gir deltakarane rettleiing, oppfølging og undervisning undervegs.

For meir informasjon omkring konkurransen, sjå http://venturecup.no/

UiS logo