MENY

Alfred Hauge-konferansen

Alfred Hauge-konferansen vert arrangert på Utstein Kloster 30.-31. oktober. Vel møtt!

Utstein kloster. Alfred Hauge-konferansen er lagt til idylliske Utstein kloster. Foto: Jørg Eirik Waula.

Forfattarskapen til Alfred Hauge femnar vidt og har engasjert mange lesarar. Hauge arbeidde som lærar, forlagsmann og journalist i tillegg til å vere folkekjær og kritikarrost forfattar, kanskje best hugsa for trilogien om Cleng Peerson.

Speglar utviklinga
I år er det Alfred Hauge-jubileum. Den 17. oktober 2015 er det nemleg hundre år sidan Alfred Hauge vart fødd på Sjernarøy i Rogaland. Forfatterskapet og biografien hans speglar på mange måtar Norge si utvikling i det 20. århundre. Han var sterkt knytt til heimstaden og til dei religiøse miljøa på Vestlandet, utan å være provinsiell eller dogmatisk.

Utover i forfattarskapen utforska han i stadig større grad potensialet i fiksjons-litteratur. Utgivinga av Mysterium i 1967, den første og eksperimentelle boka i Utstein-kloster syklusen, markerer eit viktig skilje i forfattarskapen. Siste helga i oktober møtest vi ved Utstein kloster til konferanse med søkelys på Alfred Hauges forfattarskap. Litteraturforskarar og historikarar vil sjå nærare på fleire sider av den rikhaldige litterære produksjonen til Hauge.

Føredragshaldarar
Det vert helde føredrag av Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda og Anne Elisebeth Skogen. I tillegg til Øygunn Skodvin Prestgård og Vigdis Berland Øystese ved NLA Høgskolen, Benedikt Jager og Magne Drangeid ved Universitetet i Stavanger, Ingeborg Kongslien og Irene Engelstad ved Universitetet i Oslo. Også Kristin Aalen i Stavanger Aftenblad, Ernst Berge Drange ved Ryfylke Museum og Michael Grote ved Universitetet i Bergen vil halde føredrag.

Konferansen er open for alle interesserte, og diskusjonane er også opne for alle. Ein kan melde seg på heile konferansen, ein av dagane eller berre komme til den spennande kulturkvelden, der Hauge-tekstar vert framførte i kyrkja ved Ustein kloster. Det er også høve for å melde seg på festmiddag. Nøyaktig program kjem seinare.