MENY

Namn som kjelder

Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger takker alle deltakerne og føredragsholdarer under Den 16. nordiske namneforskarkongressen på Jæren folkehøgskule på Kleppe frå 8. til 11. juni 2016.

  • /HF/IKS/DSC05089(1).JPG (rw_largeArt_1201).jpg
  • /HF/IKS/DSC05118(1).JPG (rw_largeArt_1201).jpg
  • /HF/IKS/DSC05101.JPG (rw_largeArt_1201).jpg
  • /HF/IKS/DSC05134.JPG (rw_largeArt_1201).jpg

Kjære føredragshaldar!

Takk for bidraget under den 16. nordiske namneforskarkongressen på Jæren folkehøgskule! Ved ferdigstillinga av dykkar manus til kongressrapporten bed me om at de nøye følgjer «Manuskriptanvisningar för bidrag i NORNA-rapporter». Desse ligg på nettsida til NORNA (www.norna.org), jf. også vedlegget. Frist for innsending av manuset er 15. oktober 2016. Manuset skal sendast elektronisk (både Word og pdf) til inge.saerheim@uis.no og tom.schmidt@iln.uio.no. Omfanget er fastsett til maksimum 5000 ord (pluss ev. figurar – foto, tabellar o.l. – i avgrensa omfang). Figurane vil bli trykte i svart/kvitt. Dei som ikkje har tenkt å senda inn manus til oss, bør seia frå om det i god tid. Ta kontakt med redaktørane (Inge Særheim og Tom Schmidt) dersom de har spørsmål. Lukke til med arbeidet!

Stavanger, 16. juni 2016

 

Temaet for kongressen

Namna er ein viktig del av språket og språkstrukturen; dei speglar kultur og samfunn i fortid og notid. Med namn som kjelder kan ein studera ulike sider ved språket og språkutviklinga. Namna høyrer til blant våre eldste språkkjelder.

Med grunnlag i namnemateriale kan ein blant anna granska lagingsmåtar, tydingar og ordbruk, dessutan språkkontakt, språkpåverknad, namngjevingsmotar, kulturelle straumdrag og haldningar.

Namna er viktige kjelder i tverrfagleg forsking, blant anna i studium av busetnadsutvikling, landbruk, fangst og fiske, samferdsel, vegetasjon, arbeidsliv, verksemder, sakrale førestillingar, lokal kultur og tradisjon.

Temaet for kongressen gjev høve til å presentera forsking med ulik vinkling på namngjeving og namnebruk. Undersøkingar av ulike namnetypar kan presenterast – stadnamn, personnamn og andre namn. Både eldre og nyare namngjeving er aktuelt å drøfta, som også metodiske spørsmål.

 

 

Kontaktpersonar

Inge Særheim, inge.saerheim@uis.no 

Merja Stenroos, merja.stenroos@uis.no

Anastasia Khanukaeva, anastasia.khanukaeva@uis.no

Ingun Leidland, ingun.leidland@uis.no 

Tom Schmidt tom.schmidt@uio.no