MENY

Paralleller

11 formlar for omkrinsen til ein sirkel

Morten Søyland Kristensen, UiS

Stad: Rom «Initiativ»
Når: Onsdag - 11.00 – 11.30

Dei to siste åra har det vore eit heva karakterkrav i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga. Ei undersøking ved semesterstart viser at mange av studentane, til tross for dette karakterkravet, har ei  grunn/instrumentell eller manglande forståing. Ved spørsmål om korleis ein kjem fram til omkrinsen til ein sirkel svarar kring halvparten av studentane noko som kan kategoriserast som feil, og blant svara finn ein heile elleve forskjellige variantar. Ei slik usikkerheit knyta til ei ganske enkel samanheng reiser spørsmål om kva type matematikkundervisning studentane har fått. I framlegget vert det presentert resultat frå undersøkinga, der det er ferske lærarstudentar frå dei to siste år som både har svara på omkrinsspørsmålet og kva undervisning dei har fått kring dette. Undersøkinga blir brukt som grunnlag til å sei noko om eit instrumentelt, problemløysande og/eller platonsk syn på matematikk og matematikkundervisning, samt eit spørsmål om lærarar tek seg tid til induktive arbeidsmåtar i undervisninga si.