Små barn lever livet der dei til ei kvar tid er, med dei menneskja som finnes rundt dei. Barnehagen for dei minste er ein spanande arena der barna er med å skape sin eigen og andre sin identitet.
Aldersgruppa 0 – 3 år i barnehagen har auka betrakteleg dei siste åra. Dei minste barna har særlege behov når det gjeld kontakt og samspel i leik, læring og utvikling. Kunnskap og evner hos dei vaksne er avgjerande for å drive profesjonelt pedagogisk arbeid for dei aller yngste.
Barnehagekonferansen 2010 vil setje fokus på denne aldersgruppa sine særlege behov og korleis dei vaksne kan utvikle evne til å ta barneperspektivet. Førelesarar frå Universitetet i Tromsø og Universitetet i Stavanger vil gi ny kunnskap om aldersgruppa og vise korleis personalet i barnehagen kan sikre eit godt pedagogisk tilbod for dei minste.
Målgruppe for konferansen er alle som jobbar i og med barnehage.
Tid: Torsdag 20.mai 2010 Kl. 09.00 -16.00
Stad: Universitetet i Stavanger, Arne Rettedals hus G-001.
Pris: Kr. 600,- Enkel lunsj er inkludert. Kursavgifta blir fakturert etter konferansen.
Bindande påmelding på Fylkesmannen sine nettsider innan 14.mai. Avbod kan meldast til kontaktperson for konferansen.
Last ned program for konferansen (pdf)




