Hopp til innhold

Forside  | Studere ved UiS?  | Studentliv
Studentliv på stranda. Foto: E. Tønnessen

Aktivt studentliv i Stavanger


Bustad, trening, barnehage, velferd eller berre ei aktiv fritid? På desse sidene finn du informasjonen du treng for å komme i gang som student ved Universitetet i Stavanger.

Her finn du informasjon om mellom anna bustads-, kultur- og barnehagetilbod.

Du vil få tilbod om å vere med på fadderarrangementa ved universitetet. Ein fadder er ein etablert student som kan det meste om byen og universitetet. Fadderordninga er viktig for ein god start på studietida. Her får nye og gamle studentar høve til å bli kjende med kvarandre.

For nye studentar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet er det ei eiga ordning som heiter ”Første klasses samhald” der studentane får eit eige sosialt opplegg, i tillegg til ei oppfrisking i matematikk og fysikk dei to første vekene av semesteret.

Engasjer deg

Som student har du mange moglegheiter til å engasjere deg også utanfor studia. Slik får du kjekke sosiale opplevingar, og slik får du vener for livet. Folken er Studentersamfunnet i byen med om lag 200 aktive frivillige studentar. Ved Universitetet i Stavanger er det eit godt treningstilbod og ei heil rekke med studentorganisasjonar som du kan vere med i.

Lykke til med studia, engasjer deg og grip sjansane du får!




Publisert av Ida Gudjonsson (01.04.2008)

Skriv ut artikkel print
Ugå 2010

Ugå 2010! Studentfestivalen med konserter, tema- og karrieredager arrangeres fra 10.-21. mars.


FØLG UIS PÅ FACEBOOK OG TWITTER

Klikk her for å følge bibliotekets oppdateringer på Twitter

Filmar om studenttenester

UiS tilbyr fleire tenester for å gjere studentkvardagen så god som mogleg.
Her kan du sjå filmar om nokon av dei:

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS)
IT-avdelingen
Studentorganisasjonen StOr
Biblioteket

Filmane er laga av studentar ved fjernsyns-
og multimedieproduksjonsutdanninga.