Ein god stad å bu


Alle studentar i Stavanger treng ein god stad å bu. Heldigvis har du fleire alternativ å velje mellom.

Dersom du ikkje vil kjøpe bustad i Stavanger-området, kan du leige. Du kan anten leige gjennom Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS), eller du kan leige på den private marknaden.

Studentsamskipnaden tilbyd over 760 hyblar og husvere over heile Stavanger. Du må søkje om bustad i god tid, for Samskipnaden sine bustader er populære. Du finn meir informasjon om SiS sitt tilbod på nettsidene til SiS bolig.

Du kan også leige bustad på den private marknaden. Det er ein stor privat bustadmarknad i Stavanger-området. Dersom dette er eit alternativ for deg, kan du for eksempel søkje etter husvere på finn.no. Du kan òg setje inn ei annonse i dei to store avisene i Stavanger, Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis.

Som i alle store studentbyar kan det vere mange som er på jakt etter bustad samstundes. Vi tilrår difor at du startar på bustad-jakta så tidleg som mogleg. Det løyser seg alltid til slutt, men å starte tidleg er ein fordel.

Lukke til!

 


Publisert av (05.07.2010)

Skriv ut artikkel print
Studentbustad
Studentsamskipnaden (SiS) i Stavanger tilbyd 760 hyblar og husvere.
hybel.no

hybel.no formidlar rubrikkannonsar for hyblar, leiligheiter og bufellesskap/kollektiv.