Forside» Studere ved UiS?» Studentliv» Kultur- og uteliv
Studentar på konsert. Foto: Ingrid D. Sem

Ut i kulturen!


Er du på jakt etter eit godt kultur- og uteliv, er Stavanger byen å vere i. Tilbodet er rikt og variert, og du når ikkje over alt det første året. Men heldigvis kan du studere ved Universitetet i Stavanger i mange år framover...

Som student ved UiS kjem du til å leve midt i hjartet av den kanskje mest pulserande byen i Noreg. Byen har eit restaurant- og uteliv som det går rykte om langt utanfor landegrensene. Festivalar, revyar, konsertar og ikkje minst studentane sine eigne arrangement gjer at du verkeleg skal stå på for å ha det keisamt.

I Stavanger er nemleg kultur og fritid ikkje berre harmlaust tidtrøyte. Her meiner vi at kultur faktisk er ein avgjerande ingrediens i den utrulege blandinga som skal til for at folk bidreg og skapar nye verdiar.



Publisert av (12.09.2006)

Skriv ut artikkel print
Vil du engasjere deg i studentkulturen?

Folken er studentersamfunnet i byen. Folken er avhengig av studentar som ser verdien i eit liv utanom lesesalen.

Folken har meir enn 200 aktive frivillige studentar, og det vert avvikla i overkant av 200 arrangement årleg med eit sjangerspenn frå studentrevy til store konsertar med internasjonale band.

Du kan lese meir om kulturlivet i Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis. På kinoane i Stavanger og Sandnes går dei siste filmane.

I Stavanger og regionen omkring står festivalane i kø. Her er eit lite utval:

Maijazz 2010

Den store norske humorfestivalen 2010

Numusic 2010

Kapittel 2010

Tradjazz weekend 2010

Stavanger på Skeivå

Ranglerock 2010

Potetfestivalen

Stavanger vinfest 2010

Gladmat 2010

International Chamber Music Festival 2010

Bobilfestivalen 2010

Dragefest

BMX EM 2010

SiddisBrass

Jærnåttå 2010

Museer
Det er fleire store museum i byen, som Arkeologisk museum og Stavanger museum. Rogaland teater og Stavanger konserthus har alltid mykje spanande på programmet.