Forside» Studere ved UiS?» Studentliv» Naturopplevingar
Surfing

Ut i det fri!


Stavanger-regionen har ein svært variert natur, med gode opplevingar over alt. Frå lange, kvite strender til høge fjell - rundt Stavanger er det noko for ein kvar smak!

Få stader passar vel turistklisjeen ”eit Noreg i miniatyr” betre enn nettopp her. La oss begynne ute på ei av dei fantastiske sand-strendene. Milevis med ope landskap og bølgjer som trekkjer til seg kunstnarar, badegjester og surfeentusiastar frå inn- og utland. Den første stranda finn du like ved universitetet.
 

Deretter kan vi ta båt inn i dei mystiske fjordane som ligg like innanfor Stavanger-halvøya. Dei berømte norske fjordane hamna på verdstoppen som reisemål i det prestisjetunge National Geographic Traveler. Og det er her dei tek til. Her ligg Lysefjorden med den skrekkvakre Preikestolen og den utrulege Kjerag, den råaste basehoppstaden i verda.

Kanskje kan det passe med ein kort biltur opp til variert skiterreng og alpinløyper av topp klasse? Eller vil du heller svinge innom ei av dei seks golfbanene som ligg innanfor ein halvtimes biltur frå universitetet?

Kort sagt - i Stavanger er det nok å ta seg til for deg som er interessert i å kome deg ut i det fri.

Prøv sjøl!



Sist oppdatert av (30.12.2009)

Skriv ut artikkel print

Dersom du vil oppleve naturen i Stavanger, kan du lese meir på heimesidene til Stavanger kommune.

Nye turkameratar finn du blant anna i Stavanger Turist-forening, som har nærare 20 000 medlemmer.

Er du nysgjerring på kiting? Stavanger og Jærstrendene er sjølve SVARET på ein perfekt stad å lære kiting!

Dersom du er interessert i golf, les meir på sidene til Stavanger Golfklubb.