Dersom du kjem frå ein annan kant av landet, er det mange måtar å kome seg til Stavanger på. Både SAS og Norwegian har ruter til og frå Stavanger lufthamn, Sola, og NSB køyrer tog heilt fram til Stavanger sentrum. NOR-WAY Buss-ekspress har bussruter til Stavanger, og Flaggruten går frå Bergen. Så du kjem deg alltid fram til Stavanger!
I Stavanger kan du òg ha bruk for transport. Universitetsområdet ligg fire kilometer frå sentrum. Busselskapet i Stavanger-området heiter Kolumbus. Dei har mange ruter til og frå Universitets-området på Ullandhaug. Du kan òg parkere din eigen bil på Universitetet, men det vera trongt om plassen.
Dersom du bur i nærleiken av Universitetet, kan det vere like greitt å sykle eller gå. Det er mange turvegar som fører opp til Ullandhaug!



