På SiS sportssenter finn du:
- Ein handballbane i full storleik
- Ein 21 meter brei og 14 meter høg klatrevegg
- Buldrevegg tilknytta klatreveggen
- Styrke-og fitnessområde på 600 m2
- To aerobicsalar på til saman 400 m2
- Spinningsal på 100 m2
- To squashsalar
- Fleirbruksrom til sosiale arrangement for og av studentar
- Kontor til studentidretten
- Møterom
Gjennom året arrangerer SiS sportssenter kosthaldskurs, livsstilsdagar, dansedagar, villmarksdagar og mykje meir.
Sjekk heimesidene til SiS sportssenter!
Noregs beste treningssenter?
Etter lange dagar på lesesal og grupperom, er det godt å få pulsen skikkeleg opp. Eller kanskje du helst vil trene før førelesinga, eller midt på dagen? Som student ved Universitetet i Stavanger treng du ikkje forlate Universitetsområdet for å halda deg i form. Samskipnaden har eit av landets beste sportssenter på campus!

På SiS sportssenter kan du trene når det passar deg

Sportssenteret på campus har ein svær, og særs populær, klatrevegg.
Tren med STIL!
STIL-UiS er studentidrettslaget ved Universitetet i Stavanger. Idrettslaget har rundt 1000 medlemmer, og satsar på breiddeidrett. STIL-UiS har eit svært variert tilbod. Det finst også ei rekkje fordelar for medlemmene, som gratis lån av golfsett og dykkarutstyr, gode tilbod og ulike kurs og utflukter. Les meir på heimesida deira!



