Også sentrale politikarar i Stavanger sette seg eit høgt mål då dei i 1966 vedtok å regulere 1200 dekar på Ullandhaug til eit universitetsområde. Grunnlaget for Universitetet i Stavanger var lagt. No kallar vi Universitetsområdet for ”campus” på UiS. Campus ligg både sentralt og landleg til. Det er berre ti minutt med buss til Stavanger sentrum og sykkelavstand til studentbustadene.
Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ei pause frå studia. Joggarar, idrettslag, turgåarar og barnehagar brukar området flittig. Her finn du også Universitetsbiblioteket, bokhandel, kafear, kaffibar, treningsfasilitetar og helsetenester. Og vil du gå lenger er det kort veg frå campus til både skog og hav.
Dei tre fakulteta ligg i hovudsak på Ullandhaug, fordelt på fleire bygningar. Eit unntak er Institutt for musikk og dans, som ligg i idylliske omgivnader i Bjergsted, i Stavanger sentrum. Instituttet blir næraste nabo til det prosjekterte nye konserthuset i Stavanger.
Ved årsskiftet 2005-2006 flytta fleire fagmiljø, studentorganisasjonen, studentekspedisjonen, opptakskontoret, studierettleiinga, rektoratet, leiinga og administrasjonen inn i eit flunkande nytt bygg her på campus. Det nye bygget, Arne Rettedals hus, er eit naturleg midtpunkt på campus, omgjeve som det er av gangstiar og uteområde. Fleire av dei andre bygningene på campus er pussa opp, og til saman har UiS no nærare 100 000 m2 til disposisjon.
Som student ved UiS har du unike treningsforhold. SiS sportssenter opna ved semesterstart i 2005, og vi vågar å hevde at det er det beste treningstilbodet for studentar i heile landet. Vi er overtydde om at senteret vil gjere campus og Universitetet i Stavanger til ein endå trivelegare stad å studere – og til ein stad kor du kan setje deg høge mål.
Velkomen skal du vere!



