Glad i bøker?


Som student treng du bøker. Og skrivepapir. Og pennar. Og ein perm eller to til alle papira. Då har du så mykje at du treng ein sekk å ha alt i. Heldigvis - du treng ikkje forlate universitetsområdet for å få tak i det du treng. Både Universitetsbiblioteket og SiS bok har gode tilbod til studentar.

Universitetsbiblioteket er plassert i Kjølv Egelands hus. Det er også ei avdeling i Bjergsted. I Universitetsbiblioteket finn du det du treng, og det du ikkje finn, kan skaffast. Du kan lese meir om biblioteket vårt under "Om UiS".

Studentsamskipnaden har ein stor bokhandel, SiS bok, omtrent midt på universitetsområdet, i Kitty Kiellands hus. SiS bok er den største fagbokhandelen i regionen. Her finn du den pensum-litteraturen du treng,  ei skjønnlitterær avdeling, samt studiemateriell.

SiS bok hjelper deg også med å skaffe supplerande litteratur. Du kan bestille og kjøpe bøkene dine på nettsidene. Rundt semesterstart har bokhandelen utvida opningstider.


Publisert av (27.11.2006)

Skriv ut artikkel print
Jente finn ei bok på biblioteket