Du skal ete godt


Ingen er gode studentar utan god mat. Heldigvis har du fleire tilbod når svolten melder seg. Kafeane på universit-etsområdet er kjende for god mat til ein fornuftig pris. Dei fleste kafeane vert drivne av SiS (Studentsamskipnaden i Stavanger).

Studentkafeane på Universitetsområdet fungerer som sosiale treffstader på campus. SiS kafé tilbyr mat som er rimeleg og sunn. På menyen finn du fleire middagsrettar, salatbar, vegetarmat, pizza og variert kaldmat.

Bokkafeen i Kjølv Egelands hus på campus tilbyr te og espresso-baserte kaffidrikkar. Smoothies, vin, øl og andre kalde drikkar kan du nyte medan du lyttar til musikk eller les, eller berre slappar av i ein sofa. Bokkafeen har både inne- og uteservering.


Publisert av (06.02.2009)

Skriv ut artikkel print
Smørbrød og kaffi
Det er god mat på campus