MENY

Studentliv i Stavanger

Som student ved Universitetet i Stavanger er moglegheitene dine endelause! Du er ikkje berre med i eit av dei fremste universiteta i Noreg, du er og ein del av eit studentmiljø som du kan påverke og forme.

Åra som student skil seg frå både skulekvardagen på vidaregåande og arbeidslivet som kjem etter studia. Nettopp derfor er studenttilværelsen så verdifull. Som student har du mykje større fridom enn du er vand med frå vidaregåande skule, og du kan i stor grad sjølv bestemme korleis du ønsker å organisere kvardagen din. Studentlivet krev at du tar ansvar og har sjølvdisiplin, men det gir deg og enormt mange moglegheiter. For eksempel til å bli ein engasjert student og utover det reint faglege.

På UiS kan du vere aktiv i studentorganisasjonar og linjeforeiningar som er knytt til ditt fakultet, engasjere deg i studentane sine rettar i studentorganisasjonen StOr eller jobbe i studentmedia SmiS. Ved å engasjere deg får du mange venner på tvers av studia og du vil opparbeide deg eit sosialt og nyttig nettverk.

Fem UiS-studenter ved blindeskrift-kunstverk på campus Ullandhaug